Arne M. Sølvberg klar for meisterkonserten

Finaleklar: Spelmannen Arne M. Sølvberg spela seg inn blant dei fire finalistane i solo hardingfele/fele under årets Landsfestival i gammaldansmusikk i Skjåk. Her frå i fjor haust då han hadde ei rolle i Sildeoperaen på Eid.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Felespelaren Arne M. Sølvberg frå Spelemannslaget Fjelljom er ein av finalistane i seniorklassen solo hardingfele/fele under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Skjåk.

Endeleg plassering blir først klart i samband med Meisterkonserten i morgon, søndag. Dei to andre finalistane er Bjørn Kåre Bråten Odde og Roger Slåstuen.

Fredag føremiddag deltok Spelemannslaget Fjelljom og Hornindal Spelemannslag i tevlinga lagspel fele og hardingfele. Fjelljom vart her nummer ni og Hornindal 14. Seks fekk spele finale. Fjelljom var også representert i tevlingane i lagdans og pardans senior, men kom ikkje til finale i desse konkurransane. I dag deltek Honndalsmusikken i tevlinga for gruppespel.