Landsskyttarstemnet:

Finaleklare skyttarar

Til finalen: Svein Hoem (t.v.) og Knut Lillestøl er klare for finalen i Landsskyttarstemnet.  Foto: Privat

Nyhende

To skyttarar frå Stryn og Hornindal kvalifiserte seg i går for finalen under årets Landsskyttarstemne.

Svein Hoem frå Stryn Skyttarlag skaut 250 på bane, og sikra seg med det finaleplass i klassen V73 på Landsskyttarstemnet i Stjørdal.

Tidlegare i år blei Knut Lillestøl fylkesmeister på bane. I går skaut mannen frå Hornindal og Markane SK 249 med 100 på grunnlaget i klasse V65. Dermed er også han klar for finalen, som går av stabelen fredag 10. august.