Blinkfestivalen:

Gull til Oskar Guddal Breivik

Til topps: Oskar Guddal Breivik frå Markane IL gjekk til topps i dagens TV-sendte finale på Blinkfestivalen. Bendik Veriede frå Stårheim kom på tredjeplass.  Foto: Team Nordfjord Skiskyting

Nyhende

I går enda Oskar Guddal Breivik på fjerdeplass i kvalifiseringa til dagens renn i Blinkfestivalen. Denne prestasjonen toppa han, og vel så det på dagens TV-sendte løp i Sandnes.

Med to bom på begge skytingane var det ingen som klarte å halde følgje med Breivik i 17-årsklassen, og han gjekk i mål som einsam majestet. Han slo gårsdagens vinnar, Mattias Stakkeland, med 22 sekund. På tredjeplass fulgte Bendik Vereide frå Stårheim IL, like bak Stakkeland.

Allereie inn til første skyting hadde Breivik opparbeida seg ein solid luke på fleire sekund. Med to bom på den liggande skytinga gjekk han ut på femteplass, 15 sekund bak Bendik Vereide som fyllte. På mellomrunda gjekk Breivik nok ein gong raskare enn dei andre i feltet, og kom inn til som nummer to, rundt sju sekund bak leiande Vereide.

Rask ståande skyting frå Breivik, samt bomming frå dei andre i feltet, gjorde at han, trass i to bom på ståande, gjekk ut i leiinga 1,1 sekund framfor Stakkeland. Stakkeland klarte aldri heilt å tette luka opp til Breivik, og midt ute på siste runde mista han også balansen og falt. Dermed kunne Breivik ta i mot hyllesten inne på oppløpet i einsam majestet.