Klart for nytt skule- og barnehageår

Færre ungar

Denne veka opna barnehagane for eit nytt år, og om dryge to veker er det skulestart. Tala viser at for skulane totalt er det mindre endringar, medan det blir færre barnehageborn.

Ledig kapasitet: Hilde Lødøen, kommunalsjef skule og kultur, konstaterer at det er ein del ledige plassar i dei fleste av barnehagane i Stryn kommune. Foto: Roy Aron Myklebust  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

– Vi har ledig kapasitet på totalt 2,5 avdelingar slik det er i dag, fortel kommunalsjef skule og kultur, Hilde Lødøen. Omreikna i born tilsvarar det 50 ungar dersom dei er i alderen tre år eller eldre. Dersom under tre år tilsvarar det 25 ungar, sidan dei yngste blir rekna som to.