10 år sidan:

Sumde over Hornindalsvatnet

Sumde over Hornindalsvatnet: Sumde frå Navelsaker til Holmøyane. Frå kamera og bortover: Kjersti Espe, Ellen Karin Storevik og Siri Storevik. I følgjebåt: Sverre Moe. Foto: Marius Naustdal Storevik 

Nyhende

Symjetur over Hornindalsvatnet mellom Navelsaker og Holmøyane er ikkje daglegdags. Eldre folk vi har snakka med, kan ikkje minnast at nokon har gjort det før. No har Ellen Karin Storevik (18), Kjersti Espe (18) og Siri Storevik (45) gjennomført symjeturen.