Like før klokka 06 måndag morgon køyrde Møreekspressen av vegen ved Dispen mellom Oppstryn og Nedstryn. Bussen, med 55 passasjerar, køyrde av ut på eit jorde mellom riksveg 15 og vatnet i retning Stryn.

- Ingen personar er skada etter hendinga. Det skal ikkje ha vore dramatiske omstende, seier marknadssjef i Nettbuss Travel, Svein-Arne Vik til Fjordingen.

Bussen, som gjekk frå Oslo klokka 22.00 søndag kveld, står framleis på jordet. Passasjerane vart henta av ein buss i Firda billag og skyssa vidare til Ulsteinvik.

Foto: Anne Mari Aalberg

- Kva veit ein om årsaka til utforkøyringa?

- Eg kjenner ikkje til årsaka, seier Vik.