18 vart tekne med for høg fart i Hornindal

Nyhende

Heile 18 førarar vart vinka til side av UP under ein fartskontroll i Hornindal tysdag. Høgste målte fart i 60-sona på E39 var 85 km/t. Det vart og skrive ut eitt forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon, opplyser UP til Fjordingen.