Nattlege kontrollar

Nyhende

Statens vegvesen har hatt nattkontrollar på kontrollplassen ved Kjøs bru.

Natt til tysdag vart 21 køyretøy kontrollerte. Fire førarar hadde brote regelverket for køyre og kviletid. Eitt brot var så alvorleg at føraren vart meld til politiet. Det vart også utskrive fire bruksforbod for sikring av last, lengde og sikthindrande ting i frontruta.

Natt til onsdag var det ny kontroll på same stad. 23 køyretøy vart kontrollerte.

Ein førar fekk åtvaring for brot på køyre- og kviletids regelverket.

Det vart også utskrive fire bruksforbod for sikthindrande ting i frontruta og dårleg sikra last.