Nye bruer ved Tonningsætra

Rehabiliteringa av vegen frå Tonningssætra til Holevatnet går etter planen. Nye bruer er på plass.

Nye bruer: Ny betongbru og ny gangbru er på plass ved Tonningssætra.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

– Det går førebels som på skinner. Den siste brua er per i dag ikkje ferdig, men det skal ikkje påverke framdriftsplanen, seier prosjektingeniør i Stryn kommune, Hanne Vangen.