Politiet etterforskar uhellet der ekspressbussen Oslo-Ulsteinvik køyrde av rv 15 ved Dispen i Nedstryn måndag morgon.

- Det sat to passasjerar heilt framme i bussen. Om nokon av passasjerane langt framme i bussen observerte noko i tilknyting til utforkøyringa, eller rett i forkant, vil politiet ha tips, seier politibetjent Kurt Hammerø.

Politiet gjennomførte avhør av bussjåføren tysdag, men av omsyn til vidare etterforsking kan han ikkje gå ut med kva sjåføren har forklart.

- Vi veit ikkje årsak til utforkøyringa, men vil blant anna få gjennomført teknisk undersøking av bussen, seier Hammerø.

- Er bussjåføren sitt førarkort beslaglagt?

- Det er ikkje beslaglagt på det noverande tidspunkt, seier Hammerø.