– Nei, det er ikkje som i Donald Duck der ein berre køyrer ei stor kule inn i bygget, ler Bjørn Osdal. Han er dagleg leiar i Pefa Miljø AS i Vikebukt utanfor Vestnes som har fått oppdraget med rivinga av skulen. Osdal fortel at det er ein omstendeleg prosess der mange strenge retningslinjer må takast omsyn til.

– Vi reinskar først heile bygget for lausøyre og inventar og deretter asbestsanering. Det er ganske mykje asbest i bygget, om lag tolv tonn, fortel Osdal, og held fram:

– Det er veldig strenge krav til sorteringa. Lysrør skal for seg, isolasjon for seg, kablar for seg osv. Når alt innvendig er reinska ut kjem maskiner på plass for å gå laust utvendig.

Avstengt

Prosjektleiar for rivinga og bygginga av ny skule er leiar for Forvaltning-, drift- og vedlikehaldsavdelinga i kommunen, Audun Gausemel. Han håpar at mykje skal vere gjort før elevane inntek skulegården.

– Eg håpar at vi er komne ned til grunnen og mesteparten av avfallet er rydda vekk før skulestart. Men det vil uansett vere stengt av ved den delen der det skal byggjast nytt.

Mykje avfall: Alt av avfall skal handsamast på ein god måte. Her Audun Gausemel og Milan Jachym frå verksemda Pefa Miljø AS frå Vestnes som har fått jobben med demontering og riving.

Han seier det er minimalt som blir teke vare på. Det meste av inventar og utstyr er gamalt og slitt. Når dei kjem så langt at sjølve bygget er rive vil betongen bli knust og kunne brukast som fyllmasse.

– Dei knuser betongen til småbitar og plukkar ut metall og armering. Det kan vere at vi brukar noko til fylling der vi skal bygge nytt, seier han. Det er også muleg for interesserte å ta kontakt om ein ser seg nytte i betongmassen.

Ut august

Rivingsarbeidet starta måndag førre veke. Fire mann har vore i sving dei fleste dagar, og når arbeidet med asbesten tek til vil ytterlegare to mann bli kopla på jobben, fortel Osdal i Pefa Miljø. Erfaringsmessig vil det ta 4-5 veker før dei er heilt ferdige, og Osdal påreiknar å halde på ut august.

Strengt: Fleire containarar er sett opp klare for kjeldesortering av bygningsmassen. Her container for tremateriale. Audun Gausemel seier han ikkje har lov til å delta i dette arbeidet.

– Når arbeidet er avslutta vil kvar ei flis vere vekk. Vi plukkar ut armeringa og syter for planering slik at alt er klart til nytt bygg, seier han.

– Planen er at ein byrjar på grunnen rimeleg snart etter rivinga, seier Gausemel.

Den andre «rundingen» skal vere i bruk medan nybygget blir reist, og skal ikkje rivast før neste sommar.