- ope brev til Stryn kommune

Dei siste åra har åtte barnefamiliar busett seg i Lodalen. Det har vore ei fantastisk utvikling i folkevekst og framtidstru. Vi er glade i dalen vår, og stolte over å vise den fram. Utviklinga rundt villcampinga dei to siste somrane, gjer oss urolege og oppgitte. Vi vil meine noko, og vi vil bli høyrt, når det gjeld dalen si framtid.

Vi som bur her, kjenner utviklinga på kroppen, og vi er opptekne av gode, framtidsretta løysingar. Ingen av oss er folkesky, og vi ønskjer turistane velkomne. Men no er det på tide å gjere grep, og ta styring over situasjonen. Slik det har vore denne sommaren, vil vi ikkje ha det framover!

Den vakre dalen er vidt kjend og setra Breng er eit ikon. Men dette handlar om mykje meir enn Breng; det gjeld heile dalføret. Vi undrast på om kommunen og folk utanfor dalen forstår omfanget av desse utfordringane. Camparane parkerer bilane sine halvvegs ut i vegen og set opp telta slik at dei omtrent ligg med hovudet ut i vegbana. Det skaper livsfårlege situasjonar både for dei sjølve og alle andre trafikantar. Kveld etter kveld står det telt og bilar på kvart eit nes, kvar vesle slette og utviding. Tretti bilar på rekkje, telt spreidd ut over all mark, er eit heilt vanleg syn ein sommarkveld i Lodalen.

Andre turistar reagerer òg på all villcampingen. Mange har gitt overraska tilbakemeldingar om at dette var noko anna enn det dei hadde venta seg å sjå. Den fantastiske utsikta innover dalen er dessverre ikkje like tilgjengeleg lenger, med mangfaldige telt og bilar midt i motivet. Turistane kjem for å sjå natur og kulturlandskap, ikkje uregulert villcamping. Somme aktørar er redde for at regulering og avgrensing av villcamping vil skape negativ publisitet og skremme turistar vekk frå dalen. Vi vil snu perspektivet andre vegen; det er meir truleg at forsøpling, avføring og store mengder telt og bilar skremmer folk vekk frå dalen!

Vi sit ikkje på fasiten for å få orden på dette, men det er iallfall viktig at ein tenkjer heilskapleg og langsiktig. Ein må ta høgde for at det kan bli endå meir villcamping, at vi berre har sett byrjinga. Salsnæring og reklamebransje kjenner mønsteret når det gjeld sal og utvikling: Dei innovative som «oppdagar noko nytt», kjem først, så følgjer dei som er oppdaterte og trendy. Deretter kjem massene.

Vi er no truleg på stadium to; dei som villcampar i Lodalen i sommar, er ressurssterke og oppdaterte unge nordmenn. Som vi har sett av nyheitsoppslag i sommar, er det supertrendy å campe. Gjennom sterk eksponering av Lodalen, særleg på Instagram, er det blitt populært å dokumentere at ein har vore i dalen. Dette er flott og fint. Men vi vil at dei skal campe der det er meint å campast: På campingplassane. Det kostar opptil 250 kroner for telt, bil og to personar å bu ei natt på campingplass, så dette handlar neppe om økonomi.

Sett opp forbodsskilt, seier mange. Der er skilt! Dei blir ignorerte. Men det faktum at det denne sommaren har kome opp mange fleire skilt med «No camping», «Innmark» o.l., oppover heile dalen, viser både at kreativiteten hos teltarane når nye nivå, og at dette er ei høgst uønska utvikling. Grunneigarane fortvilar. Dei vil ikkje ha teltarar på eigedomen sin. For dette er menneske som dessverre ikkje viser omsyn til naturen eller tek i mot rettleiing frå nokon. Vi har døme på folk som gjev seg ut i diskusjon med grunneigar og hevdar at inngjerda slåttemark er utmark. Vi har døme på folk som hogg ned bjørketre som grunneigar har latt stå att under skogrydding. Vi har døme på folk som gjer opp ild i nærleiken av dei gamle setrehusa på Breng. I tillegg kjem all søpla som står att, og all avføringa i buskene.

Få opp eit toalett på Breng, seier mange. Dermed er vel telting i området legitimert? Vil vi at Breng skal vere ein camping? Dessutan; frå Lofossen og inn til parkeringa ved Kjenndalsbreen, er det ei strekke på om lag to mil. Korleis kan nokon meine at eit toalett på Breng løyser heile problematikken? Kven set seg i bilen og køyrer frå Bødal eller Vassenden, for å gå på do på Breng? Teltarar gjer ikkje det. Dei finn seg ei busk eller går bak ein stein i nærleiken.

Ønskjer vi at Lodalen skal bli ein einaste langstrekt campingplass? Allemannsretten respekterer vi, men meiner at den blir utnytta, tøya for langt, og at dei som campar i dalen ikkje følgjer opp pliktene som er knytt til denne retten. Dei hevdar mellom anna sin rett til å campe i utmark, men er tydlegvis ikkje medvitne om kva som skil innmark og utmark. Om ein les Miljødirektoratet sin «Generell informasjon om allemannsretten» står det mellom anna: «Innmark er all dyrket jord: åker, eng, kulturbeite, hage, gårdsplasser, hustomter og industriareal»; «Vær oppmerksom på at innmark ikke trenger å vere inngjerdet»; «Udyrket mindre areal i dyrket mark regnes ikkje som utmark». Dette vil seie at store deler av dei områda der det blir telta i dag, faktisk er innmark.

Friluftslova seier dessutan at «det som kan vere tillate for ein person eller nokre få saman, kan kome i strid med allemannsretten når mange opptrer samla på ein måte som fører til større ulemper. Friluftslova har endåtil ein såkalla sekkebestemmelse, der også andre type areal kan vere innmark etter ei konkret vurdering. Skader eller ulemper for grunneigaren er vesentleg i denne vurderinga» (www.politiet.no). Vil kommunen støtte grunneigarane i å hevde sine rettar og få ta vare på kulturlandskapet i dalen?

2017 var FN sitt internasjonale år for berekraftig turisme og utvikling. Vi vil oppmode kommunen om å setje seg inn i Innovasjon Norge sine prinsipp for eit berekraftig reiseliv. Nokre av prinsippa er som følgjer: «Å støtte bevaringen av naturområder, dyreliv og habitater, og minimere ødeleggelser av disse»; «å bevare og styrke livskvaliteten i lokalsamfunnet….»; «å engasjere og gi kraft til lokalsamfunnet og lokale interessenter mht. planlegging, beslutningstaking og utvikling av lokalt reiseliv».

Så kva kan gjerast med utfordringane i dalen? Det er ikkje realistisk at desse problema minkar eller forsvinn av seg sjølv, konkrete tiltak må difor setjast i verk. Er det til dømes aktuelt med auka bruk av inngjering av utsette område, aktiv bruk av husdyr, strategisk plassering av store steinar? Er vegvesenet villig til å reise rundt på kveldane og vise vekk dei som teltar/parkerer uforsvarleg nær vegbana?

Det er i alle høve viktig at kommunen og Visit Nordfjord lyttar til grunneigarane og folket i dalen. Slik det har vore i sommar, vil vi ikkje ha det i framtida. Vi ønskjer turistane velkomne til dalen, men vi vil ha det i ordna former!

Anne Sølvi Sande Hoem

Finn Arve Hoem

Charlotte Beinnes Aldeholm

Tom Erik Beinnes Aldeholm

Grete Haugen Vinsrygg

John Jatgeir Vinsrygg

Linn Therese Erstad

Rune Sande

Elin Sande Beinnes

Geir Hogrenning

Marte Sande

Paul Arne Fjerdingren

Fride Fjellheim

Robin Sande

Bodil Garlid

Tenden Asbjørn Tenden