Utforkøyringa på Dispen

Bussen hoppa over stikkveg

Spor på staden viser at den to etasjer ekspressbussen som køyrde av rv 15 på Dispen i Stryn kommune måndag morgon hoppa over ein stikkveg før han landa på jordet.

Bussen letta: Spora på staden viser at ekspressbussen trefte stikkvegen med stor kraft, letta og landa på hjula på jordet på motsett side.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Det er ingen tvil om at utforkøyringa på Dispen kunne endt betydeleg verre enn han gjorde. Med 55 passasjerar om bord gjekk Møreekspressen på veg mot Ulsteinvik utfor asfaltkanten ca 45 meter før ein stikkveg ved gamle Dispen skule. Hadde utforkøyringa skjedd 100 meter lenger vest, ville bussen gått utfor ein bratt skråning, med stor fare for å velte.