Det var lenge tvil om arrangementet «Ta sjansen» som del av Sommarfesten i Hornindal kunne avviklast. Arrangementet stod i fare for å bli avlyst på grunn av manglande påmeldingar.

No har det kome til deltakarar og leiar i Hornindal næringslag, Bjørn Lødemel, seier at arrangementet går som planlagd og at rampebygging er i gong.