I slutten av august lanserer Magnor Glassverk ein ny, stor kolleksjon designa av Simen Staalnacke. Og det er ikkje det einaste nye prosjektet Moods-gründeren er involvert i.

Moods-gründeren har stifta det nye selskapet Staalnacke Industries saman med Leif Rune Loen, også han på Moods-laget.

– Kva driv de med i Staalnacke Industries?

– Vi teiknar Moods of Norway-kleda, og dessutan driv vi med konseptutvikling og andre designoppdrag. Ikkje berre kle, det er også veldig moro å kunne teikne andre ting.

Utruleg stolt

– Tradisjonsrike Magnor Glassverk har nyleg gått ut og fortalt at dei er stolte over å kunne presentere ein kolleksjon designa av Simen Staalnacke?

–Ja, og eg er utruleg stolt av denne kolleksjonen. Det har vore veldig kjekt å kunne få uttrykke seg gjennom ulik design. Eg har halde på i eitt og eit halvt år for Magnor, det er ein ganske stor kolleksjon. Eg synest det er utruleg moro å få lov å teikne andre produkt, designe for interiør og heim.

– Eit heilt annleis uttrykk

– Kolleksjonen heiter Tokyo?

– Eg har alltid vore veldig fascinert av Japan, spesielt Tokyo. Japan er jo verkeleg den staden i verda der alle nye trendar møter gamle tradisjonar, så eg har henta mykje inspirasjon derfrå. Eg synest også den japanske estetikken passar veldig godt i Skandinaviske heimar.

Alt skal lanserast den 28. august i samband med Oslo Design Fair, men kva kolleksjonen går ut på kan han ikkje seie noko om.

– Enn så lenge er det «top secret», men håpar og trur at folk kjem til å like kolleksjonen. Det er eit heilt annleis uttrykk enn det eg har designa tidlegare, seier Simen, som legg til at for Staalnacke Industries kjem fleire spennande samarbeid som perler på ei snor framover.

Frå juice til øl

Men det er ikkje berre design han driv med.

– Du har også lansert eit alkoholfritt øl?

– Det stemmer. Det er S&M Feelgood Factory som har laga øl, og det Magne Furuholmen, Leif Rune Loen og meg.

Historia bak ølet startar på A-ha-musikaren (mannen bak «Take on me»-synthriffet) sitt kjøken.

– Korleis kom de på øl? Eit langt sprang frå dressar og sånt?

– Vi er glade i juice! Så det starta eigentleg med at vi stod på kjøkenet til Magne og laga forskjellige juice som vi gav til venene våre i julegåver. Vi fekk gode tilbakemeldingar, så vi fekk Arendal Bryggeri til å lage noko for oss. Så plutseleg selde vi juice og chips på Deli de Luca og 7-Eleven!

Til fredags-tacoen

Så fann dei ut at dei tykte det mangla «eit kult, alkoholfritt øl».

– Så vi kom på Dos Amigos, eit alkoholfritt og glutenfritt øl. Eit øl av meksikansk type, som skal passe til fredags-tacoen!

seier Simen.

Ølet har gått bra.

– Alkoholfritt øl er den kategorien som veks mest for tida i bransjen. Og glutenfritt er også in, så det har gått bra. Så det skal setjast i gang meir produksjon no i august, fortel Simen Staalnacke.

– Vi har laga det ølet her saman med Bryggerikompaniet Klokk & Co, fortel han, og legg til:

– Dei har vunne masse premiar og greier, og stammar frå Høydal i Hjørundfjorden, det er jo rett i nærleiken. Så det har vore veldig moro å kunne samarbeide med dei!

Dei meinte det mangla eit kult, alkoholfritt øl, så dei laga det. Frå v. Simen Staalnacke, Magne Furuholmen og Leif Rune Loen. Foto: Privat