No har denne parken fått eit nytt liv, og Hornindals Næringslag i samarbeid med andre lag og organisasjonar i Hornindal byr no opp til nok ein dans i Groparken.

Dette skal skje under Sommarfesten i Hornindal, førstkomande helg. Då blir den tradisjonsrike fredagsdansen halde, med Holko og Hauge som spelar opp til dans. Då skal den heilt nye danseflaken i parken bli innvigd.

Dugnadsarbeid

Mykje har skjedd på desse åra, særskilt i løpet av dei siste månadane. Arbeidet for å bevare Gro-bygget blei starta for alvor i desember. Og sidan då har arbeidet gått svært fort, kan Tom Øyvind Solheim og Bjørn Lødemel fortelje.

– Vi har fått stønad gjennom tildelte midlar og gode bidrag frå fleire aktørar, og så har arbeidet blitt gjort på dugnad. Dagfinn Gjerde er ein av dei som har gjort ein svært god jobb, og vore svært viktig i dette arbeidet. Utan han hadde ikkje flaka stått klar til Sommarfesten, seier Lødemel.

Så langt er danseflaken resultat av dette dugnadsarbeidet, og den står klar til å ta imot gjestar til dans under Sommardagane. Dette er likevel berre starten på Gro-prosjektet, og planane for kva som skal skje framover er mange.

– Like etter Sommarfesten skal scena rivast, og vi skal byggje ei ny. Til hausten vil der og bli lagt eit nytt tak på Gro-bygget, og vi skal rydde ordentleg der inne, fortel Lødemel og Solheim vidare.

Badelagune

Planane deira strekk seg også utover mot vasskanten i Hornindal. Per dags dato meiner dei at stranda er for liten til å dekkje behovet.

– Vi har også planar om ei badelagune, nedanfor Groparken. Dette vil gjere heile området mykje meir attraktivt for folk, og dekkje behovet for ei større strand, seier Lødemel.

Dette prosjektet dei er i gang med har no redda Groparken, og dansen dei no inviterer til under Sommarfesten vil ikkje vere den siste. Sjølv om vêrmeldingane kanskje ikkje er dei beste for augneblinken, legg Lødemel vekt på at dette ikkje er noko å bekymre seg for.

– Vi har presenning over danseflaka, så regnet blir ikkje noko problem.

Den gamle danseflaken: Her står borda under søndagsfrukosten til bygdekvinnelaget på den gamle danseflaken i Groparken. Denne har no blitt erstatta. Foto: Roy Aron Myklebust