Alf Roger Muldsvor frå Nordbygda og Rand skyttarlag er klar for finalen i feltskyting. Med resultatet 30/16 skyt Muldsvor om edelt metall fredag.

Finaleklar er også Marie Alme som skaut 29/15. Skyttaren frå Nordbygda og Rand skal til liks med Alf Roger Muldsvor skyte finale på fredag.

Elles så stiller familien Muldsvor sterkt på årets landsskyttarstemne. Alf Roger har med seg sønene Bjørn Ove, Odd Helge og Geir Magne som også deltek. Alf Roger sin bror Sigurd har med seg borna Knut, Sara og Martin.

Dette er feltskyting

Først skyt ein 30 skot innleiande, der ein har seks skot fordelt på fem ulike hald, med ulik vinkel og distanse til figurane det blir skote på. Desse halda er plassert i ein feltløype som skyttarane vandrar gjennom for å skyte.

Den høgste summen ein kan oppnå i feltskyting er 30/30. Dette betyr at ein har 30 treff, og 30 av desse er innartreff. Dei beste går vidare til finalen, der ein tek med seg treffa, ikkje innartreffa, vidare.

I finalen blir der skote 12 skot, der skyttarane har 110 sekund på seg. Den som har flest treff samanlagt vinn konkurransen. Den høgste oppnåelege summen i ein finale er 42/12, då innertreffa i finalen er dei som gjeld. Dersom nokon av dei tre beste endar opp på lik poengsum blir det heile avgjort ved omskyting.

Marie Alme er klar for feltfinale fredag. Foto: Privat