Det var litt før klokka 06. måndag morgon då Møreekspressen med 55 passasjerar køyrde utfor vegen ved Dispen i Nedstryn.

Marknadssjef og pressekontakt i Nettbuss Travel, Svein-Arne Vik, uttalte til Fjordingen måndag at ingen vart skada og det var ingen dramatikk kring utforkøyringa. Tove Stavem Reite frå Volda, som var passasjer på Møreekspressen, karakteriserar utforkøyringa ganske annleis.

- Det var hyling og totalt kaos i bussen. Bussdøra på høgre side og delar av golvet vart riven bort i samanstøyten. Dette kunne gått alvorleg galt og var i høgste grad dramatisk, fortel Stavem Reite.

Sjølv var ho til legesjekk for nakkesleng som følge av utforkøyringa og har uttalt seg kritisk til kvifor politiet ikkje møtte fram etter utforkøyringa.

Tove Stavem Reite Foto: Privat

- Eg ville tru politiet var oppteken av årsaka til utforkøyring av ein full buss, seier Stavem Reite.

Starta etterforsking dagen etter

Politiet i Stryn fortel Fjordingen at dei ikkje visste om utforkøyringa før dei las om det i media. Dei starta sjølve etterforsking av hendinga dagen etter. Årsaka til utforkøyringa er framleis ikkje kjend, men etterforskinga så langt viser at bussen med to etasjar har vore i lufta med alle hjul og hoppa over ein stikkveg.

Politiet sin operasjonssentral fekk melding frå Nettbuss måndag morgon, men varsla altså ikkje lokalt politi om dette.

- Alt under kontroll

Meldinga frå Nettbuss sjølve til politiet fortel om ein udramatisk hending.

- Meldinga vart gitt av ein kollega av bussjåføren. Vedkomande meldte at bussen hadde køyrd av veien og at den stod på eit jorde. Han meldte vidare at det ikkje var personskader og at dei hadde alt under kontroll. Dei ville berre varsle i tilfelle forbipasserande skulle ringe politiet, fortel einingsleiar i Vest politidistrikt, Morten Ørn.

Det vart opplyst om materielle skader og at Nettbuss sjølve ordna med bilberging. Operasjonssentralen vurderte saka og bestemte at det ikkje skulle iverksettast operative tiltak.

Ørn viser til Vegtrafikklova § 12 om at dei som er innblanda i trafikkuhell skal syte for at politiet snarast blir underretta om det er død eller skade på person og at skaden ikkje er ubetydeleg.

– Vurderinga i dette tilfelle var fornuftig i eit kost-nytte perspektiv, seier driftsenhetsleiar i Vest politidistrikt, Morten Ørn. Foto: Bengt Flaten

– Vilkåret for å varsle politiet var såleis ikkje til stades i dette tilfellet, seier Ørn.

Han poengterer at hendinga vart loggført og gjort tilgjengeleg for lokalt politi.

- Fornuftig i eit kost-nytte perspektiv

– Det er ikkje vanlig å sende politipatruljar til denne type hendingar i Vest politidistrikt. Politiet er ikkje dimensjonert for å handtere alt. Viss dei tilsette på operasjonssentralen agerar utan haldepunkt i kjend informasjon, vil dei overbelaste heile politisystemet. Vår evne til å vere nøktern i vurderingane er heilt sentralt. Eg meiner vurderinga som vart gjort denne morgonen var fornuftig i eit kost-nytte perspektiv som ligg til grunn for alle våre prioriteringar. Slik nyttar politiet fellesskapet sine pengar mest fornuftig, seier Ørn.

– Dette gjeld ein buss med 55 passasjerar som har køyrd av vegen. Er det same prosedyre når det gjeld offentleg transport?

– Etter trafikklova er det ikkje gjort skilje mellom buss og privatbil når det gjeld krav til varsling av politiet. Likevel er det nokre forskjellar når det gjeld politiet si varslingsplikt til Statens havarikommisjon for transport og vidare handtering. Politiet baserer varslinga på skjønn der og då og konfererer i tvilstilfelle med kommisjonen, seier Ørn.

Han seier det ikkje vart vurdert å konsultere havarikommisjonen måndag.

- Dette på bakgrunn av dei opplysningene som forelå og erfaring for kva kommisjonen vanlegvis rykker ut på, seier Ørn.