Tradisjonar står sterkt når Sommarfesten blir arrangert, og på søndagen har ein moglegheita til å ta turen til Svor- museet og oppleve kulturgudstenesta her. Her vil gudstenesta bli bygd rundt kunsten i og rundt museet. Stolar vil bli sett ut på utsida av bygget.

«The Voice»-finalist

Ein av artistane som kjem til Sommarfesten er Andrea Santiago Stønjum frå Måløy. Ho nådde nesten heilt til topps i TV2 sin song-konkurranse «The Voice», der ho enda på andre- plass.

Den unge artisten hausta mange lovord frå nokre av dei mest etablerte artistane i musikk-Norge gjennom konkurransen.

– Eg ser fram til å kome til Hornindal og opptre på Sommarfesten. Det er alltid kjekt å opptre på stader i lokalsamfunnet. Dette blir min første opptreden etter sommarferien, fortel Andrea til Fjordingen.

«Ta sjansen»

Frå fredag til søndag kan ein også få med seg stands som er opne. Det nye på laurdagen er «Ta sjansen»-arrangmentet som blir arrangert av Frisklivssentralen og Frivilligsentralen. Her er alle som ønskjer det invitert til å delta, med eit eigenproduserte fartøy.

«Ta sjansen» er ein konkurranse der ei rampe blir sett opp ved vatnet, og så er målet å bruke kortast mogleg tid frå toppen av rampa og ut til ei bjølle i vatnet, i sitt eigenkonstruerte fartøy. I tillegg til premiering for raskaste tid, vil også dei mest kreative fartøya og kostyma bli belønna.

– Vi håpar alle nyttar sjansen og meldar seg på, unge og eldre, anten dei kjem frå Hornindal, Stryn eller Volda, seier Ola Bergset Ulvedal frå Frivilligsentralen. Han poengterer at dette er ein høgst uformell konkurranse. Byggverka treng ikkje vere kompliserte, det viktigaste er at ein skapar god stemning.

På Hjelle har dei ved fleire anledningar arrangert denne typen konkurransar, og Frivilligsentralen og Frisklivssentralen får låne rampa som har blitt brukt i desse konkurransane.

Dei siste to åra har Frisklivssentralen laga arrangement for å få barn og unge meir fysisk aktive. Linda Tomasgard, leiaren for Frisklivssentralen seier at dei i år ønskte å forsøke noko nytt, og valet landa då på «Ta sjansen».

Frukost ved Hornindalsvatet

Ein annan tradisjon som blir bevart er søndagsfrukosten ved Hornindalsvatnet, i Groparken.

– Der vil bli servert tradisjonell og heimelaga mat på denne tradisjonelle frukosten, fortel Solveig Brendefur, frå Hornindal bygdekvinnelag, som arrangerer frukosten.

– Av den tradisjonelle maten finn ein til dømes heimelaga leverpostei, røyka fisk og sursild, held ho fram.

Elles kan Bygdekvinnelaget lokke med mellom anna eggerøre, spekemat og heimebaka brød.

Fredagsdans i Groparken

Sommarfesten vert opna med karnevalstoget fredag ettermiddag, der både store og små kan kle seg ut slik som dei ønskjer.

– Det vert enkel premiering av dei beste kostyma, fortel Bjørn Lødemel, som er leiaren i Hornindal næringslag, hovudarrangøren av Sommarfesten. Vidare seier han at dei legg opp til å ha musikk i toget, og kanskje nokre overraskingar.

I tillegg til dette skal Småkvedarane opptre på opninga denne dagen. Der blir også arrangert teiknekonkurranse og rebusløp for dei minste.

På fredagskvelden kan ein samlast for den tradisjonsrike fredagsdansen i Groparken, der Holko og Hauge frå Stryn skal spele opp til dans på den heilt nye danseflaken.

Elles på kan ein få med seg konsert ved Hornindal Musikkorps og kunstutstilling på laurdagen, medan søndagen kan by på bagasjeromssal, musikkinnslag og ei teaterframsynin frå Kulturskulen.

Nyopning av bensinstasjonen

I samband med Sommarfesten skal Kjetil Grodås halde den offisielle opninga av bensinstasjonen på Grodås. Han fortel at der vil vere ei synfaring av den nye vaskehallen og dekkroboten som er på plass.

– Ein vil få så ein demonstrasjon av desse to, der ein til dømes får sjå korleis dekkroboten tek av og på eit hjul, fortel Grodås. Han seier vidare at dette blir ein moderne stasjon.

– Det blir litt annleis enn kva folk er vande med å sjå på ein bensinstasjon.

Ei veke seinare

Bjørn Lødemel fortel at sjølv om tidspunktet for Sommarfesten er blitt endra i år, så håpar dei på ei godt oppmøte.

– Vi har sommarfesten ei veke seinare enn vi brukar, så vi er spente på korleis dette vil slå ut. Vi håpar likevel at folk frå heile regionen vil kome på festen.

Konsert: Andrea frå «The Voice» ser fram til å opptre i Hornindal.
Nyopning: Den offisielle nyopnina av bensinstasjonen på Grodås vil skje under årets Sommarfest. Foto: Odd Sindre Tonning