– Det eg og landbruksministeren har sagt, er at det ikkje er aktuelt med ei krisepakke no, og vi legg vekt på no, seier statsminister Erna Solberg til NTB.

Statsministeren og landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) besøkte onsdag den tørkeramma garden til bonde Lars Egil Lauten på Kløfta i Akershus.

Saman med Bondelaget og Småbrukarlaget fekk dei omvising på garden, som er hardt ramma av tørken. Lauten har hausta berre 5 av 25 rundballar til dei 60 mjølkekyrne sine og risikerer å ikkje ha nokj fôr til dyra.

Møtet kjem etter ein sommar der tørken har gitt svært dårlege avlingar for bøndene. Regjeringa har allereie sett i verk fleire tiltak for å bøte på situasjonen, men bøndene meiner at det må ekstra pengar til i form av ei krisepakke for å hindre at matproduksjonen i Noreg lir større tap, og at det blir gjort uoppretteleg skade.

– Vi kan ikkje byrje med pengane

Paradoksalt nok bøtta regnet ned da bondeorganisasjonane skulle vise Solberg og Dale korleis tørken påverkar bøndene.

Statsministeren er ikkje heilt avvisande til ei krisepakke, men la vekt på at ein først må få oversikt over situasjonen. Ei eventuell krisepakke må så sjåast i samanheng med ei reforhandling av jordbruksavtalen.

– Vi kan ikkje byrje med pengesummane. Vi må byrje med å sjå på kva tiltak som kan nå bøndene best, sa statsministeren.

Landbruksminister Dale seier at dei no held på med å kartleggje omfanget av tørken og vurderer eventuelle nye tiltak.

– Det blir ikkje nokon konklusjon frå vår side før vi har gjort grunnlagsarbeidet. Det går føre seg for fullt, og når det er fullført ein gong denne månaden, kan vi vere i posisjon til å diskutere dette med organisasjonane i landbruket, seier Dale.

– Ikkje godt nok

Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes er ikkje fornøgd med signala frå Solberg og Dale.

– Dette er ikkje godt nok. Vi hadde forventa at regjeringa stiller med ei krisepakke no straks, seier Bartnes.

Han meiner det òg er feil at kunneskapen førebels ikkje er god nok om skadeomfanget av tørken.

– Både vi og styresmaktene har eit godt grunnlag. Det vi har kravd, er å styrkje avlingsskadeordninga vesentleg for grovfôr, etablere ein kompensasjon for tap av beite og at det blir gitt eit økonomisk handlingsrom for auka kostnader for transport og fôr, seier Bartnes.

Stortingsfleirtal for krisepakke

På Stortinget har Ap, Sp, SV og KrF signalisert at dei er positive til ei krisepakke. Dermed kan stortingsfleirtalet i siste instans banke igjennom ei krisepakke dersom ikkje regjeringa blir einige med landbruket.

Statsminister Solberg understrekar at Stortinget uansett må behandle ei tilleggsløyving til bøndene.

– Stortinget får høve til å seie si meining om tiltaka. Men først må regjeringa og bøndene snakke saman for å målrette eventuelle nye midlar på ein god måte, seier ho.

(©NPK)