Etter ei veke med mykje trening og mykje moro har dei unge fotballspelarane pakka sekken sin, og teke turen heim igjen. Nok ein gong kan veka karakteriserast som ein suksess.

90 ungdommar mellom 13-15 år, frå heile fylket, var på plass på Stryn Stadion for å leve med fotballen i ei heil veke.

– Målet med Proffveka er å inspirere dei som allereie er veldig interesserte til å halde fram med å ha det kjekt med fotball, ha lyst til å trene og sjå kor gode dei kan bli. Det handlar om å gi dei god fotballtrening, men samtidig forme dei som menneskjer i form av samarbeid og det å gjere andre gode, fortel Johann Sigurdsson, sportsleg ansvarleg for Proffveka.

Henrik Flølo Nydal har reist frå Jølster for å ta del i Proffveka. Sjølv meiner han turen var verdt det.

– Det er eit veldig bra arrangement, med trenarar frå utlandet, som har ein annan måte å trene på. Det er eit bra opplegg frå Stryn Fotball, både sosialt og sportsleg. Sjølv har eg vore med i tre år, altså alle åra eg har hatt sjansen, og det har vore verdt det, seier han.

Du kan lese meir om Proffveka i papiravisa.