«Illusion of a Separate World» er dokumentasjonen på møtet mellom gitarist, filmmusikkomponist og lyddesignar David Kollar (Slovakia) og trompetist og multikunstnar Arve Henriksen frå Norge og Stryn. Resultatet har blitt eit vakkert og mangfaldig lydunivers, frå det stillfarne og vare til store og mektige klangar. Frå etnisk påverknad og elektronisk utforsking «jazzhybrid og post-rock-riff», for å sitere gitaristen.

Møttest på festival i Praha

David Kollar og Arve Henriksen møttest for første gong i 2017. Kollar spelte på Spectaculare-festivalen i Praha, og etter han på scena kom Arve Henriksen. Dei helste, utveksla kontaktinformasjon, og ein spire var sådd. Nokre månadar seinare møttest dei igjen, denne gongen på scena under Hevhetia-festivalen i Slovakia. Og no bestemte dei seg for å spele inn eit album saman.

I desember tilbragte David Kollar ei veke i Faenza, Italia, og her byrja han å skisse improvisasjonar som skulle bli ein del av «Illusion of a Separate World». Han fortel at han henta inspirasjon frå omgjevnadane og frå prøvelsar i livet generelt. Resultatet vart musikalske dagbøker, totalt 17 spor, som han sende vidare til Arve Henriksen. Han la til trompet, vokal, perkusjon, tangentar og elektronikk.

Intim, intens og lidenskapleg

– Intim, intens, lidenskapleg og subtil seier kritikarane om «Illusion of a Separate World».

– Dette er to separate verder som møtest, to kulturar som står fjernt frå kvarandre men som finn ein felles grunn med uventa enkelheit, skriv Marcello Nardi på musikkbloggen Markellosnardoi. Medan tyske Musikreviews.de ser det heile som ein lang, musikalsk suite:

– Der Longplayer «Illusion of a Separate World» wirkt wie eine lange Suite, heiß-kalt und voller Möglichkeiten, sich die reale Welt anders zu denken.

«Illusion of a Separate World» er gjeven ut på Hevhetia med David Kollar elektrisk gitar og elektronikk og Arve Henriksen trompet, vokal, trommer, tangentar og elektronikk.

Ny cd: Illusion of a Separate World. Foto: CD-cover