Ramon Reis

Resepsjonist

First Hotel Raftevold Hornindal

– Kva opptek Ramon Reis for tida?

– At eg snart skal starte eit nytt liv i Tyskland. Eg skal jobbe her til oktober og må gjere ein så god jobb som mogeleg til då.

– Ferierer du?

– Ja eg skal til Praha i september, og fekk ei veke i Brasil tidlegare men det var i forbindelse med business.

– Kva er di draumeoverskrift i Fjordingen?

– No blir det satsa på fleire sportsgreiner som baseball og volleyball.

– Tips til ein regnvêrsdag?

– Sitje i sofaen og sjå filmar.

– Favorittbadeplass?

– Eg kan ikkje symje. Tenkte å lære med har ikkje tid. Så eg sit på kanten.

– Badeshorts eller speedo?

– Shorts.

– Din sommarhit?

– Havana med Camila Cabello.

– Kva les du om sommaren?

– Hunger games av Suzanne Collins.

– Du får sommargjestar. Kva attraksjon i Indre Nordfjord tek du dei helst med til?

– Geiranger. Det er så vakkert der. Og Briksdalensbreen, Sky Lift. Honndalsrokken sjølvsagt.

– Kven får di helsing gjennom lokalavisa?

– Staben på hotellet fortener ei helsing. Spesielt dei som jobbar fast. Vi jobbar så godt saman sjølv på hektiske dagar så dei fortener ei helsing.