Stryn står framføre ein skikkeleg test når avdelingsleiar Fjøra er motstandar i Sogndal på laurdag.

Kretsligaoppgjeret mot Fjøra blir utan tvil det vanskelegaste så langt i sesongen for Geir Inge Rake sitt lag. Med ni sigrar, tre uavgjorte og ingen tap er sogndalslaget klare favorittar.

Trur det er muleg

Men Stryn sin trenar Geir Inge Rake er optimist før kampen på kunstgraset på Fosshaugane Campus:

– Fjøra har vist hittil at dei er det klart beste laget i Kretsligaen. Men eg trur ikkje dei er uslåelege, sjølv om det vil bli ein tøff kamp. Vi stiller eit sterkt mannskap, og vi håpar at vi kan matche dei, seier Rake til Fjordingen.

Alexander Jakobsson og Frode Hool Egge er ikkje tilgjengelege til kampen, elles stiller Stryn fullt lag.

Fjøra toppar tabellen etter 12 spelte kampar med 30 poeng, seks poeng føre Kaupanger og Årdal. Eid har fjerdeplassen med 22 peong, medan Stryn ligg på femteplass med sine 21 poeng.

Det er elles klart at 15-åringen Håvard Hetle blir Stryn sin nye sisteskanse. Glopparen har skrive under for Sogndal, men blir lånt ut til Stryn ut sesongen, melder haugenfotball.no.

- Signaturen er på plass, stadfestar trenar Geir Inge Rake.