«Onsdag 22. Lisje- lisjejulafta som Ragnhild og vi seier. Eg fekk bokpakke frå Cammermeyers Bokhandel, tre bøker og to julehefte, verdi kr 33 – truleg frå Schytte-Jacobsen. Mildare. Pakken var sendt frå Oslo 10.12.43

Torsdag 23. Lisjejulafta. Vegarbeid som før. Hans er formann. Sol og mildt. God makaroni- supe i går kveld og i kveld. Til vår store undring fekk vi 9 kg pakkar frå Sverige, vi opnar dei i morogon.

Julafta, 24. desember 1943. På vegarbeid til kl 11.00. Eg hadde nattevakt i natt og vart vekt av Sophus, fekk makaronisupe, og bada etter nattevakta med kaldt vatn. Eg hadde vakt frå kl. 23-0.15. Så klipte ein russar meg i går, og eg barberte meg. I dag bada vår blokk, ikkje eg. Blokka er svært fint pynta med juletre og bilete. Vi har songe mange julesalmar «Eg synger julekvad», «Deilig er jorden», «Kimer i klokker». Og i svenskepakkane var mykje god mat, eg har ete julegraut saman med Sophus Jørgensen, syltetøy, kjeks, brunost som Ida sende, eg er sprekkeferdig. Arnulf Øverland har lese sin prolog. Fjelde var julenisse. No er kl 9 (21). Eg har tenkt på dei heime og grete, eg veit so vel kor dei har det. Gud gi dei og oss alle ei god jul. Eg tenker og på pres-ten Eide og Lars Svor. Pent ver i dag. Gud gi at vi alle er samla neste jul – far og alle vi på Midt-Svor, friske og lukkelege. Gud signe deg kjære mor og oss alle.

Det var i julafta 1943 i Sachsenhausen. Forbode å lese Juleevangeliet, i køyene hadde vi likevel ei andakt av Havig.

1.juledag 25. Appell kl 7. Hornmusikk – julesalmar «Glade jul» og «O du hellige», kl. 8.15. Kl. 8.30 måtte Blokk 23 gå over plassen og plukke papir. Kl. 4–5 var eg i svært kalas hjå Thorbjørn Jensen som er 20 år i dag, poteter og steikt flesk, tytebærsylte med tjukk tørrmelk og masse kaker og Ovomaltine. I kveld fest. Lagerføraren har vore her to gonger i dag. Eg skreiv brev til Ragnhild i dag. Mildt ver (Skya).

2.juledag. Arbeid dagen ut til kl. 4. Skreiv om brevet til Ragnhild. Pent ver.

3.de dag. 27. desember mandag. Til lukke med 43-årsdagen til kjære Andreas! Pent ver og mildt. I går kveld fekk eg julafta-ribbe i brevpakke frå Ida. Takk. Kjære Ida.

Desember 28. Mildt ver. Eg kosar meg med god mat.

29.des. Mildt. 2 år sidan eg var hjå Eide.

Desember 30. 2 år i dag sidan eg var heime. Noko snø, sol, overskya. Vegarbeid.

Desember 31. Nyttårsafta. Vi nordmenn i kolonne 5 spanderte grønsaksupa på heile kommandoen Amt B 3. Vi fekk takk av forarbeidaren og mykje ros. Sol i kveld, noko snø. Eg åt godt av ribba Ida sende. Eg tenkjer mykje på dei heime og Evan, serleg i kveld kl. 10 på Eva, då tenkjer ho på meg. So takkar eg Gud og alle mine kjære, deg far, Ragnhild Aasta, Ida, Rasmus, Ola og Jon, Eva, for alt i gamleåret 1943, og ynskjer oss alle eit Guds velsigna nyttår 1944. Eg steikte i kveld kl. ½ 9 av ribba Ida sende meg, det lukta herleg julafta. Poteter hadde vi ikkje. Takk kjære Ida!

Så var det underhaldning både på A og B Fløyen. Røgeberg som er redaktør for «Alle kvinner» heldt tale på A Fløyen, og major Lindbæk-Larsen heldt tale her på B. Ein engelskmann song pent til oss. Ja, det var riktig godt. No er kl. ½ 10. Lysa brenn på bordet. Juletre er her også.