I juni gjekk Jon Ytrehorn inn same porten i Sachsenhausen fangeleir som onkelen, Per Svor, kom ut av frigjeringsvåren 1945. 73 år i tid, men likevel ei sterk oppleving.

– Eg har ynskt å kome til leiren. Ikkje berre for å sjå minneutstillinga, men for å oppleve staden eg har høyrt så mykje om både gjennom forteljingar frå slektningar, og også breva som han skreiv både til mor og andre i slekta, seier Jon Ytrehorn.

Høvet baud seg då venen Vemund Øiestad, som er kjend i Berlin, sa ja til å vere reisefylgje.

– Det var ei sterk oppleving å kome til brakke 39 i Sachsenhausen. Ikkje berre bilda av onkel Per, men også alt han hadde hatt med seg heim etter krigen, og som no var tilbake på utstilling, fortel Jon når vi møtest saman med Vemund og søskenbarnet Magne Svor. Magne har fullt oversyn over utstillinga og historia bak.

I brakke 39 i Sachsenhausen er det utstilling med ein representant for kvar av dei nasjonane som var i tysk fangenskap. Per Svor representerer Norge.

Medan dei rusla rundt i brakka og såg på utstillinga, vart Vemund merksam på ein skuleklasse frå England. Då guiden nemnde Per Svor tok han kontakt og fortalde at Per var morbror til han som han var i fylgje med. Jon svara ja til å gje ei lita orientering, og han fekk ros av Vemund for god engelsk.

– Det er så viktig at skuleungdom rundt i verda får reise til Sachsenhausen og også andre fangeleirar, som ein del av undervisninga, seier Jon, og siterer litt av den bodskapen han gav til ungdomen frå England.

– Eg sa at vi lever i eit fritt Europa, men det er ingen ting som er sjølvsagt. Det er de, ungdomane, som er framtida. De har eit ansvar for å sikre fred gjennom samarbeid. Alle som sat i fangenskap bar alle på ein draum om fred, rettferd og at dei skulle få kome heim. Slik vart det ikkje for mange som døydde unge. I dag lever vi i ei tid med velstand og tryggleik. Dette må vi byggje vidare på. Vise at vi bryr oss om kvarandre. Det skuldar vi dei som ofra livet i kamp for fred og rettferd, var den korte appellen frå Jon.

Dei to fekk med mykje på turen, både konsert og byen Berlin, men for Jon var største opplevinga å få minne ungdom om ansvaret for fred.

Viktig krigsminne

– «Kista» etter Per Svor er sentral i utstillinga, skreiv vi i samband med opninga i Sachsenhausen 21. april 2001. 17år seinare er «kista» like sentral, som eit prov på kva som hende under andre verdskrig.

Skuleklassar frå mange land vitjar Sachsenhausen årleg for å få innsyn i eit av dei mest tragiske tidsrom i soga vår. Kista vart skreddarsydd i Svor etter av broren Rasmus etter ynskje frå Per, som sat i tysk fangenskap. Ho var sendt nedover fylt med smør og rosinkaker, og kom tilbake med prov på dramatiske år i fangenskap. Per Svor sat i Sachsenhausen frå 1943 til 1945 etter 1 ½ år på Grini.

Magne er den av sønene til Per som har samla mest fakta kring hendinga. Både han og brørne Ola og Anders var med under opninga av utstillinga. At Svor vart Norge sin representant har truleg samanheng med krigsfangen Sergej Ovrasjko frå Kiev i Ukraina. Han sa at Per berga livet hans ved å dele Røde Kors – pakkane med han. Dei to hadde brevkontakt i 1960, men det sovjetiske jarnteppet vart trekt ned.

I 1995 kom det nytt brev frå Kiev. Per var borte, men sønene oppretta kontakt. No er også Ovrasjko borte, men Magne har framleis kontakt med etterkomarane.

Sønene til Per var til stades ved opninga i 2001, og fekk møte Ovrasjko som hadde så mykje å takke far deira for.

Kortversjonen av reisa til den spesielle kassa med mellom anna handskrivne dagbøker, er at Per fekk laga reimar slik at han kunne bere kassa på ryggen frå Sachsenhausen til Neuengamme der dei vart henta av dei kvite bussane. SS-vakta var i ferd med å mjukne, kassa kom på busstaket, og vart med på reisa. Det var både legalt og illegalt innhald i kassa. Per måtte levere den til desinfeksjon i Sverige, men utruleg nok, 4. august 1945, var kassa tilbake i Hornindal. Ho stod i Svor til utstillinga skulle opne, og dei har framleis eigedomsretten.

Å skrive dagbok var ulovleg, dei kunne bli skotne, men Per skreiv om dagleglivet om tankar og om tunge stunder.

I jula var han fysisk i tysk fangeleir, men i tankane var han hjå slekt og vener i Hornindal. Han teikna, skreiv med vakker handskrift og kommenterte. La grunnlag for ei krigssoge, men det vart i staden eit viktig innslag i ei utstilling som skal vere ei sterk påminning for ettertida.

med i utstillinga: Jon Ytrehorn ved montasjen der Per Svor er nemd. foto: vemund øierstad Foto: Vemund Øiestad
Per Svor sitt fangenummer frå Sachsenhausen. Foto: Inge Fænn
Pakke til Per Svor, sendt til Tyskland av R.O. Svor i Hornindal. Foto: Inge Fænn
Bilde av Per Svor frå Sachsenhausen. Foto: Vemund Øiestad
Jon Ytrehorn, Vemund Øiestad og Magne Svor ser på det rikhaldige arkivet etter Per Svor. Foto: Inge Fænn