Denne sommaren har fleire lovande friidrettstalent feriert i Olden. Desse vekene nytta dei til familiebesøk og trening saman med Olden IL.

Det var Maria (17) og Jenny Aaberg (13), og Sondre (16) og Håkon Yri Aaberg (13) som var på vitjing i Olden. Dei driv alle aktivt med friidrett, og fleire av dei er blant dei beste utøvarane i sine aldersklassar i landet. Dette på mellom anna lengde, sprintøvingar og hekkeløp.

Besøkte bestefaren

Bakgrunnen for at dei var i Olden var for å besøke familie, då mellom anna bestefaren Jakob Aaberg. Han har sjølv vore svært aktiv i friidretten i Olden og Oldedalen. Det har også sonen hans, og far til Maria og Jenny, Rolf Jarle Aaberg vore.

Dei har saman med Olden IL hatt tre felles økter, samt ein del økter åleine. Olden IL har også fleire utøvarar som hevdar seg i norgestoppen, så nivået på treningane har vore høgt, ifølgje Hans Petter Galtung.

– Ved å køyre desse treningane saman, har vi fått eit veldig høgt nivå på treningane. Samarbeidet har vore inspirerande og lærerikt, og det er kjekt å sjå korleis dei legg opp til treningane i andre klubbar, fortel Galtung.

Skryt av anlegget

Gjennom sommaren har idrettsanlegget i Olden med andre ord vore godt brukt. Ut-øvarane som var på vitjing har også mykje positivt å seie om forholda dei har fått trene i.

– 100 meteren her er veldig fin. Det som er fint med å ha ei slik bane tilgjengeleg her, er at ein kan drive med konkurransetrening. Det er bra gjort å ha eit slikt anlegg på ein så liten plass, hadde det ikkje vore for dette hadde eg vore i dårleg form etter sommaren, fortel Maria Aaberg med eit stort smil.

Maria har i år vore den nest beste i landet på 100 meter hekk i sin aldersklasse, og under U18 EM i Ungarn enda ho på 11. plass.

Det er heller ikkje berre ut-øvarane på besøk frå Sørlid, Tvedestrand, Tyrving og Bærums Skiklub som har drege nytte treningane på anlegget i Olden.

– Gjennom desse treningane får vi sjansen til å lære av dei andre. I dag har Maria til dømes lært oss fleire nye imitasjonsøvingar, og vi får sjå korleis andre i norgestoppen trenar, fortel Galtung.

– Det har vore veldig kjekt å vere fleire på treningane, og å kunne lære av kvarandre, seier Mathias Melheim etter ei av fellesøktene.

Bak frå venstre: Mathias Melheim, Jakob Aaberg, Rolf Jarle Aaberg, Sondre Yri Aaberg, Håkon Yri Aaberg og Hans Petter Galtung. Framme frå venstre: Steffen Melheim, Ruben Eide Gjerde, Jenny Aaberg og Maria Aaberg. Foto: Odd Sindre Tonning
Teknikk: På denne økta var det løpsteknikk som blei diskutert og terpa på. Foto: Odd Sindre Tonning