Siklebakken i Hornindal var ein populær hopp-arena frå 1960-talet og utover, og bygda fostra mange gode utøvarar i hoppsporten.

Karsten Oppheim (78) er ein av dei som markerte seg i hoppbakken på 60-talet, og som likte seg godt som skihoppar i Siklebakken. Folk strøymde til når det vart arrangert hopprenn der, og det var stor stemning.

– Eg var nok litt engsteleg då han hoppa, men møtte opp likevel, seier kona Åshild. Ho skildrar god stemning og trivelege arrangement. Det var musikk over høgtalaranlegg og informasjon til publikum.

– Det var Peder Berg frå Stryn kino som stilte med musikkanlegg og skapte stemninga, legg Karsten til. Han trur namnet Siklebakken kjem av eit svaberg i bakken der vatnet sikla og rann.

Fram i lyset

Siklebakken vart bygd i 1933, og var lenge den største hoppbakken på Vestlandet. Den var kjend som spektakulær. I årevis har naturen teke overhand og bakken har vorte gjengrodd av tre og andre vekstar. Restar av hoppet står framleis på toppen av bakken, men er i ubrukeleg stand.

– Eg har fått nokre spørsmål om kvar Siklebakken er, fortel Karsten. Han synest det var leitt at hoppbakken ikkje er synleg, sjølv om skiløypa frå Hornindal skisenter går rett forbi.

Den tidlegare idrettsmannen har nyleg opplevd ein alvorleg kreftsjukdom med to operasjonar, utlagd tarm med pose på magen og cellegiftkurar.

– Legane sa at eg kan takke god fysikk for at eg kom meg så fort, seier Karsten. I denne perioden kom tankane om å få Siklebakken fram i lyset att. Ein spasertur seinare var tankane blitt til handling, og så smått starta ryddinga. Sonen Jan Rune Oppheim og Svein Otto Espe tok over det harde arbeidet med trefelling og vekk-køyring. No er Siklebakken nær utan vegetasjon, og Karsten gler seg over forvandlinga.

– Tanken er å lage eit informasjonsskilt nede ved skiløypa, seier Svein Otto Espe.

Stort miljø

Utover 60-talet vart det eit stort hoppmiljø i Hornindal. Paul O. Tomasgard er forfattar av ei innhaldsrik jubileumsbok til idrettslaget sitt 100-årsjubileum i 2010, og i boka har hoppmiljøet fått brei omtale. Mellom anna vart det i 1964 arrangert eit renn i Siklebakken, og 18-åringen Ottar Lødemel vart bestemann med eit hopp på 59 meter. Han vart spådd ei lysande karriere. I eit hopprenn på Vereide i 1969 klarte Lødemel å tukte norgeseliten i sporten, mellom anna Lars Grini.

Ein annan som fekk rosande omtale var Karsten Oppheim. Han hoppa lengst, men eit fall sytte for at han ikkje kom til topps på resultatlista. Året 1969 vart eit jubelår for Ottar Lødemel som figurerte i toppsjiktet på resultatlistene. I 1968 vart Edgar Flo bestemann i krinsmeisterskapen, medan Lødemel klarte førsteplass i kombinert. KM-tittel vann han dei komande fire åra. Tomasgard skriv i boka at det ikkje er å ta for sterkt i når ein seier at honndalshopparane markerte seg på ein imponerande måte.

Drøymer om nye hopprenn

Snøtilhøva har variert, og det har vore opp og ned for hoppmiljøet i Hornindal. I 2004 kom ny glød i miljøet med Fannemel-gutane, Lorentz og Anders. Dei stod fram som store talent, og bygda kan vere stolt av å ha ein sambygding som har hevda seg i landstoppen.

– Det krevst nok ein god del arbeid for å få hoppet i stand då det meste er rasa ned, seier Jan Rune Oppheim om eventuell restaurering av hoppet.

Svein Otto Espe meiner rydding nede på sletta er ukomplisert.

Draumen for Karsten Oppheim er at det ein dag vert arrangert hopprenn i Siklebakken og at Anders Fannemel ynsker å vere med.

Jan Rune Oppheim og Svein Otto Espe syter for at Siklebakken kjem fram i lyset. Olav Gåsvær frå Ørsta har bakkerekorden på 64,5 m. Foto: Anne-Mari Aalberg
Sjølve hoppet litt bak hoppkanten har fått grundig juling av vêr og vind. Foto: Anne-Mari Aalberg
Jan Rune Oppheim ved hoppet like bak hoppkanten. Foto: Anne-Mari Aalberg
Karsten Oppheim (t.v.) Svein Otto Espe og Jan Rune Oppheim har mange tankar kring bakken. Foto: Anne-Mari Aalberg