Jan Ove Hogrenning (50) skaut seg til tredjeplass og pallplassering under Norgesmeisterskapet i bogeskyting i Fredrikstad søndag. Over 350 deltakarar var med på konkurransen.

– I semifinalen vart eg slått med eit einaste poeng, så det var litt surt, seier Hogrenning.

Like spennande vart det ikkje i bronsefinalen. Der vann Loen IL-skyttaren med klar margin på heile 18 poeng og er nøgd med resultatet.

På pallen Loen IL-skyttaren tok imot NM-medalje i bogeskyting i Fredrikstad søndag. Foto: privat

50-åringen, som har drive med bogeskyting i 30 år, skaut seg også til bronseplass under Norgesmeisterskapet på Vigra i mars.