Amund Sverre Tomagard vart søndag tildelt prisen i samband med Sommarfesten i Hornindal. Det var dagleg leiar for Frivilligsentralen, Ola Bergset Ulvedal, som stod for overrekkinga.

– Med sin personlegdom og gode kjennskap til bygda og innbyggarane har denne mannen ei stor og god oppkome av idear. Som han sjølv seier så «har han så mange idear, men har ikkje nok tid til å sette brøkdelen ut i livet», var noko av det som stod i grunngjevinga og som vart lest opp for publikum.

– For å få ei levande bygd er ein avhengige av folk med gode idear, og kanskje endå meir har ein bruk for nokon som er modige, dyktige og galne nok til å berre køyre på og satse hardt. To eksempel viser at denne mannen er ein slik person, nemleg Hornindal Rundt og Hornindal Skisenter, heldt Ulvedal fram, og understreka kor pliktoppfyllande og hardtarbeidande Tomasgard er.

– Han er ein mann som i aller største grad er med på å gjere Hornindal til ein betre plass å bu.

Avgjerande: Tomasgard har spela ei viktig, og truleg avgjerande rolle, for utviklinga av Hornindal skisenter.