– Forsøpling og dokøar har vore ei utfordring på ein del turiststader på Vestlandet i sommar. Desse problema må lokalsamfunna først og fremst løyse sjølv. Det seier statssekretær Magnus Thue (H) i Nærings- og fiskeridepartementet.

– I fjor var det mykje snakk om forsøpling i Lofoten. Her har lokale initiativ gjort at ein har fått på plass ordningar slik at dei har mindre problem i år. Dette meiner eg ein bør lære av på Vestlandet, seier Thue til NRK.

Han er elles open for å vurdere sentralt om det kan vere tenleg å gjere lovendringar, til dømes når det gjeld cruisetrafikken.

Administrerande direktør Kristian Jørgensen i Fjord Norge er uroleg for at kapasitetsproblema rekordsommaren har ført med seg fleire stader, mellom anna med for få toalett og søppelspann, kan gå ut over omdømmet til regionen.

– Eg er redd for at det fokuset som har vore, ikkje vil skape det gode, positive omdømmet som vi i større grad skulle hatt denne sommaren, seier Jørgensen til NRK.

Han er ikkje minst uroleg for tendensane til konflikt mellom lokalbefolkning og turisme enkelte stader.

– Dette skremmer meg veldig. At dette skjer nokre stader, gjer at alarmbjøllene ringjer kraftig, seier Fjord Norge-sjefen.

(©NPK)