Eg viser til oppslag den siste tida omkring vill-camping i Lodalen, med uheldige følgjer, og spørsmål om tiltak for å få bukt med problemet, til dømes å innføre ei form for «turistskatt», der turistane skal «betale for å få det ryddig og reint rundt seg».

Ville problema forsvinne med ei slik ordning?

Kven skulle evt ta seg av oppryddinga?

Fjordingen stiller òg på leiarplass (3.8.) spørsmål ved korleis ein skulle handheve ei slik ordning. Det som må til, er tilrettelegging og informasjon.

For eit par tiår sidan - på den tid då «heile Europa» fekk seg bubil - hadde marknadsføringa av Noreg fokus på at her kunne du «slå leir» kvar du ville. Dette var då musikk i øyra til trangbudde mellomeuroperarar, hungrige på naturopplevingar.

Det viste seg at denne kampanjen hadde ein del negative konsekvensar. Det var bubilar «over alt», turistane tok seg til rette på ulike vis, mellom anna med tøming av toalett og forsøpling på anna vis. Dette skjedde òg på privat grunn, og vart eit irritasjonsmoment for fastbuande. Utanlandske bubilar vart nærmast skjellsord.

Det vert gjort mykje for å få turistar til å kome hit, og marknadsføringa er framleis ein invitasjon til å oppleve naturen - «ferdast kvar ein vil», og «gjere kva ein vil». Då får ein gjerne uheldige følgjer, slik ein no opplever i Lodalen, og etter alt å døme også mange andre stader.

Å innføre «turistskatt» for å bøte på problema blir vel nærmast som å invitere til selskap, og så be gjestene om å betale for at dei forsyner seg av maten.

Men - om du inviterer til selskap, vil du vel òg setje nokre grenser for kva gjestene dine får lov til og ikkje? Det bør gjerast her òg.

Ein må bestemme seg for kva ein vil - kva slags turisme vil ein ha.

Skal det vere «fritt fram» overalt, slik at ein etterpå må irritere seg over konsekvensane?

Eller - skal ein ta styring, og legge tilhøva til rette slik at ein får konsekvensar både turist og vertskap er tente med?

Allemannsretten gir alle rett til å ferdast i norsk utmark, uavhengig av kven som eig grunnen. Denne retten er unik. Ingen andre stader i verda har ein tilsvarande.

Men - det ligg òg avgrensingar i denne retten. Det er ikkje alle som kjenner til dei. Då kan ein heller ikkje forvente at dei skal leve etter dei.

Det ER ikkje alle stader det er ok å setje opp telt, plassere bubil eller «campe» på andre måtar, men - dersom turisten ikkje veit betre - er det då hans «feil»?

Det ER ikkje ok at det flyt med menneskeleg avføring rundt om i naturen, men - viss det er det alternativet som er tilgjengeleg - kva då? Kva ville du ha gjort?

Dersom turisten opplever seg sett på som eit problem, vil han då kjenne seg velkomen?

Kva slags «meldingar» gir han då vidare?

Og - den turisten som kjem etterpå, og finn «etterlatenskaper» etter tidlegare gjester - kva slags oppleving har han?

Kva signal kan han sende ut?

Skal ein få bukt med uønska framferd, må ein formidle kva som er ønska framferd, men då må ein òg legge til rette slik at ein oppnår ønska framferd.

Visitor Management er ein leiarstrategi som er teken i bruk i mange land, spesielt i Australia og på New Zealand.

Den går ut på nettopp det - tilrettelegging og informasjon, slik at den besøkande har ei best mogleg oppleving, utan at det går ut over området ein vitjar - det vere seg eit naturområde, ein kulturattraksjon eller eit lokalsamfunn.

Målet må då vere å styre dette, slik at turismen blir det godet det er meint å vere, både for gjest og for vertskap.

Torill Bennæs