Simen Færgestad Stensrud frå Oslo vekte ein smule oppsikt då han klatra Via Ferrata i Loen i sommar. For han forserte klatrestien iført «brannmannkjole», utstyrt med noko som såg ut til å vere eit brannsløkkingsapparat.

– Det er eit utdrikkingslag, forklarte kameratane i skyliften på veg ned.

– Det var forlovaren som hadde ordna det så vi skulle klatre Via Ferrata Loen. Og det var han som skaffa fram kjole til meg, fortel ein lattermild Simen Færgestad Stensrud til Fjordingen på telefon frå Oslo.

– Ei luftig oppleving?

– Ja! Eg hadde på meg boxer under, men luftig var det.

Stensrud seier han ikkje har klatra Via Ferrata Loen før, men at det var ei himmelsk oppleving.

– Men eg fekk nokre blikk! Og det var vel litt spesielt for dei som gjekk under meg!