Landbruks- og matministeren har hatt mykje å diskutere dei siste vekene i høve til tørken som har ramma jordbruket og matproduksjonen. Han seier dei bøndene på Nord-Vestlandet som har høve til det bør vurdere å ta ein tredjeslått.

Avlingsskadar kan få dramatiske konsekvensar i landbruksnæringa. Nordfjord har vore råka fleire gongar siste åra, m.a. med store avlingstap på grunn av isbrann og seinast i fjor på grunn av mykje regn.

Men i år er det tørken som er problemet. Dei største avlingstapa er på Austlandet, men også her i distriktet er det brukarar som har fått reduserte avlingar.

Ekstra utfordring

– Det som er ei ekstra utfordring i år er at mange her hadde eit svært krevjande år også i fjor, då mykje av avlinga regna vekk. Dermed er mykje av den forreserven som vanlegvis finst rundt om vart brukt opp allereie i fjor. At vi tynte såpass mykje på forreservane i fjor forsterkar utfordringsbildet i år, seier Jon Georg Dale.

I dei mest tørkteutsette områda har bøndene vore nøydde til å bruke av grovfôret for å tilleggsfôre dyr på tørkeskada beite, eller hente heim dyr frå beite fordi det ikkje var tilgang på vatn.

Gå inn og avhjelpe

Dale meiner difor at det trengst ein tredje slått der det er mogelegheiter til det.

– Eg ser at andreslåtten har gått av i eit forrykande tempo rundt om. For dei som ligg slik til at dei kan få ein tredjeslått ved å gjødsle no, vil det å gjere dette vere ei del av løysinga på denne utfordringa, seier Dale.

– Det handlar jo om langsiktig tilgang på livdyr og anna, så det er om å gjere å sjå om ein ikkje kan gå inn og avhjelpe situasjonen sjølv om det ikkje direkte gjeld ein sjølv.

Vil hjelpe alle på lang sikt

– Kva med dei som har tenkt å beite dette, då må dei starte tidlegare på grovfôrlageret?

– For ein del er dette ei høgst aktuell problemstilling. Og kvar bonde har ansvar for at eiga drift går rundt. Men om det er nokon som ser at dei er i posisjon til å avhjelpe, så trur eg at det på lang sikt vil tene alle, seier landbruks- og matministeren.

– Ein får ein meir stabil produksjon, meir stabil tilgang på livdyr og meir stabil pris. Det vil hjelpe alle på lang sikt.

Fôrsituasjonen er alvorleg, og landbruks- og matministeren oppmodar dei som har høve til det om å prøve å få til ein ekstra slått. I bakgrunnen varaordførar i Stryn, Torstein Tvinnereim. Foto: Gunnhild Sindre