Isak Nikolai Hopland (20)

Student

Hopland

– Kva opptek Isak Nikolai Hopland for tida?

– Mest jobb og trening. Det har ikkje vore tid til så mykje anna. Litt sommarjobb slik at ein klarar seg som student til hausten, også må treninga ned før sesongen kjem.

– Ferierer du?

– Ikkje i år. Men eg kan jo seie som faren min: «Trening, det tek eg som ferie», så då har det kanskje blitt ein del feriering i år likevel.

– Kva er di draumeoverskrift i Fjordingen?

– Hopland og to gongar Bø tapetserar pallen i VM.

– Tips til ein regnvêrsdag?

– Då gjeld det å stå opp tidleg, komme seg ut og få ei økt, slik at ein kan sitte i sofaen og slappe av med ein heit kopp kaffi eller kakao resten av dagen.

– Favorittbadeplass?

– Brygga nede på Hopland kai med godt selskap.

– Badebukse eller speedo?

– Speedo.

– Din sommarhit?

– Mads Hansen har ein bra med «Sommarkroppen».

– Kva les du om sommaren?

– Det har dessverre blitt litt for lite lesing i sommar, men eg startar opp som student igjen til hausten, så eg burde kanskje lese litt pensum?

– Du får sommargjester. Kva attraksjon i indre Nordfjord tek du dei helst med til?

– Dei må eg ta med meg ein tur på fjellet heime på Hopland. Også er Tvinnefossen eit must, saman med Loen Skylift.

– Kven får di helsing gjennom lokalavisa?

– Det må iallfall bli kjærasten min, Anna, familien min, vener og sponsorane mine som er med meg mot dei komande sesongane.