Fjordingen har igjennom ein serie artiklar omtala Møreekspressen si utforkøyring på Dispen. Sjølv om ingen av dei 55 passasjerane om bord vart skada i den dramatiske utforkøyringa, har hendinga sett eit kritisk lys på vurderinga frå Vest politidistrikt som valde å ikkje varsle lokalt politi om hendinga.

Politiet i Stryn er heilt tydelege på at dei burde vore varsla i dette tilfellet. Dei høyrde om saka gjennom media.

– Konsekvensen er ei dårlegare etterforsking. Vi ville bedt om bistand frå Statens vegvesen i denne saka, seier politi-overbetjent i Stryn, Lasse Trosdahl, til Fjordingen.

Sjølv einingsleiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannesen, er tydeleg på at lokalt politi burde vore sendt til staden.

– Det var trass alt ein buss med over 50 passasjerar og eit stort skadepotensial, seier Johannesen til NRK.

Grundig gjennomgang av opptak

Einingsleiar for Vest politidistrikt, Morten Ørn, seier dei skal gå igjennom opptaka frå samtalen dei hadde med Nettbuss på nytt og analysere dette.

– Vi vil ha ein grundig sjekk på om vi har stilt nok spørsmål til innringaren for å gjere den vurderinga vi gjorde. Kanskje må vi skjerpe våre rutinar på dette, seier Ørn til Fjordingen.

Vest politidistrikt: Einingsleiar Morten Ørn etterlyser eit betre regelverk kring alvorlege trafikkuhell og vil ta dette opp med politidirektoratet.

Ørn seier at politiet uansett har stelt seg etter gjeldande regelverk.

– Behov for regelendring

– I dette tilfellet har vi blitt kritisert for noko som etter regelverket ikkje er varslingspliktig til politiet, seier Ørn.

– Meiner du det er behov for ei regelendring?

– Tydelegvis. Havarikommisjonen skil mellom alvorlege trafikkuhell og alvorlege trafikkulukker. For trafikkuhell er regelverket mangelfullt og uklart. Vi vil vende oss til Politidirektoratet om å få på plass klare retningslinjer og prosedyrar for operasjonssentralen si handtering av eit trafikkuhell, noko dette var, forklarar Ørn.

– At lokalt politi ikkje har blitt varsla av operasjonssentralen i detet tilfellet er uakseptabelt, seier stortingsrepresentantane Liv Signe Navarsete (Sp) og Frida Melvær (H) til NRK.

Melvær vil ta opp saka med sine folk i justiskomiteen og justisministeren. – Folk skal ha tryggleik for at politiet kjem fram. Det har noko med tilliten folk har til politiet, seier ho.

Vil senke lista for utrykking

Ørn viser til fasiten i denne saka som konkluderer med ein nakkeslengskade, eit forslått hovud og materielle skadar på bussen.

– Dette er ikkje ei alvorleg trafikkulukke eller trafikkuhell slik omgrepa er definert. Det vi må ta stilling til er om vi skal vurdere det faktiske farepotensialet eller det hypotetiske farepotensialet. Normalt sender vi ikkje patruljar på det som nesten skjedde, seier Ørn.

Han legg til at han og operasjonssentralen har undervurdert symboleffekten av eit synleg politi på slike hendingar og vil senke terskelen for utrykking.

– Vi vil senke terskelen for kva vi vil sende lokalt politi ut på i regionen. Det vil koste pengar og per i dag er det pengar politidistriktet ikkje har, seier han.

– Det er eit spørsmål om pengar?

– Heilt klart. Økonomi står heilt sentralt, fastslår driftseiningsleiar i Vest politidistrikt, Morten Ørn.