Fem løyper i Sogn og Fjordane er nominerte til Norges beste turrute. Dei nominerte er:

- Midre Nordfjord Turlag: Trivselsskogen

- Lærdal Turlag: Ofta-Torsstein

- Skålastilaget: Skålastien

- Strendene Grunneigarlag: Turstien fra Ortnevik-Sylvarnes/Vollaviki

- Flora Turlag: Sentrumsnære turstiar i Flora kommune

Fylkeskommunen har sidan 2010 samarbeidd med Gjensidigestiftelsen om å merke stiar. Dette var fyrst eit vestlandsprosjekt, som vaks til å gjelde heile landet.

No er nesten 1100 turruter blitt merka, og for å markere litt kva ein har fått til Gjensidigestiftelsen og fylkeskommunane til kåring av Noregs beste turrute. Det skal også kårast ein fylkesvinnar. Kåringa skjer gjennom ei avstemming der alle har høve til å delta. Dette vert gjort via nettsida​ www.turrute.no.

I skrivande stund er det Trivselsskogen til Midtre Nordfjord Turlag som leier den interne kåringa i fylket.

Fylket si beste turrute får ein premie på 25 000 kroner til å skape enda meir aktivitet i løypa. Alle fylkesvinnarane går til ein landsfinale. Ein av desse vert kåra til Noregs beste turrute. Kåringa skjer på stikonferansen i Bergen i mars 2019.