Asbjørn Gjerde frå Olden og hunden Grim var med på det norske laget som slo svenskane landskampen om å bli beste sporhund på Finnskogen i helga.

Gjerde og den hannoveranske viltsporhunden Grim var også best i individuell klasse og vart norske meistrar. Den norske og svenske schwisshund-klubben arrangerer sporhundprøva annakvart år. Klubben tek vare på rasane bayersk viltsporhund og hannoveransk viltsporhund, som er spesialhundar for ettersøk av skadde klauvvilt. I år var dei fire beste frå kvart land samla på Grue i Finnskogen.

– Stryn Ettersøkslag er sjølvsagt stolte av å ha ein slik ekvipasje i laget, seier Arve Nesje, leiar i Stryn Ettersøkslag, der Gjerde er ein av medlemmene.

– Vi har ein av landets beste sporhundar i Stryn. Det nærmar seg jakttid, og dette er ei stadfesting på at vi har godt materiale i klubben. Dette er for dei som er spesielt interesserte, og eit resultat av intenst arbeid ute i skog og mark, seier han om prestasjonen.