Stryn kommune har sett opp nye skilt ved Strynehallen.

Skilta viser at det no berre er lov å køyre inn på området frå Rognehaugen. Utkøyring skal skje via Setrevegen.

– Det vart gjort eit administrativt vedtak i august om å få desse skilta på plass før skulane startar. Dette vil forbetre trafikksikkerheita ved hallen, og blir ei avlasting for trafikken i Rognehaugen. Om kort tid vil det også kome nytt veglyspunkt lengst vest i Rognehaugen, opplyser prosjektingeniør i kommunen, Tor Guddal.

Det er ikkje lenger lov å køyre inn på området ved Strynehallen frå Setrevegen. Foto: Thomas Thaule