Føretaket, som nærmar seg tjue år, har fram til i sommar vore eit rådgjevande ingeniørfirma innan byggteknikk.

– Vi har frå tid til annan fått spørsmål om vi driv med taksering. Det er jo nært beslekta, sjølv om ein på ingen måte kan setje eit erlik-teikn til det andre vi driv med, seier dagleg leiar Terje Walaker.

– Vi ser også at fleire liknande føretak har denne type tenester, legg han til.

Det er Jostein Vonheim som er tilsett for å ta hand om det nye tilbodet hos ingeniørfirmaet. Han er utdanna takstmann og har siste åra arbeidd for seg sjølv med jordbrukseigedomar som spesialfelt. Og med fem sivilingeniørar i nabokontora har han mykje god kompetanse å støtte seg på.

– Vi er eit miljø av ingeniørar som kan mykje om verdivurdering, seier Walaker, som også sjølv har kursa seg gjennom Norges Eiendomsakademi for å kunne ta takseringsoppdrag.

– Å vere del av eit fagmiljø, slik som her, er ein stor styrke, supplerer Vonheim.

Dei definerer sitt satsingsområde som heile Nordfjord og deler av Sunnmøre.