Historia til Briksdalsbre Fjellstove har runda 125 år.

– Vi har vel vore meir opptekne av framtid enn fortid, meiner Per Briksdal, som har styrt fjellstova og tilhøyrande herlegheiter saman med kona Oddrun dei siste 35 åra.

Vedaomnen frå 1937 har ein viktig plass for det moderne kjøkken. I dag kan dei dekke til 600 på eit bordsete, og med sju kokkar slepp dei å samle heile bygda for å servere tre retters meny.

Første turistane kom til Briksdalen midt på 1800-talet. Sidan har det gått stegvis framover. Anders Briksdal byrja med øl, brus, mjølk, rømmekolle og brød i 1892 i tillegg til litt overnatting. Då var det kome veg frå Rustøen.

Pernille som er omtala i artikkelen frå 1937 er nærast legendarisk, og i dag er det ei ny Pernille som styrer på kjøkkenet under heilt andre arbeidsvilkår enn det bestemora hadde. Per fortel at den 21 år gamle dottera er ferdig utdanna i kokkefaget. Akkurat no er det travle somrar på fjellstova. Han løyner ikkje at han vonar ho vil dra tradisjonane vidare.

300.000 innom Briksdalen

Om lag 300.000 menneske er innom Briksdalen i løpet av året. Kor mange som er innom fjellstova har dei ikkje tal på. Det vil dei heller ikkje tippe, men det dei veit er at kurva for sal av prospektkort peikar nedover.

– Den digitale verda tek over også her, og for oss er det nok meir verdifullt det som blir spreidd av film og bilde over heile verda, smiler fjellstoveverten.

Vi er innom på ein etter tilhøva roleg dag utan cruisetrafikk, men bussane kjem, det er kø ved bilane som går til breen og kø også ved matbordet der asiatane fyller tallerkenen med ekte norsk vare.

– Vi har sju kokkar. Fem på varmt og to på kald. Det er litt endring samanlikna med 1937. Yris Hotell hadde ansvar for drifta her oppe. Då det var cruisetrafikk trødde heile bygda til for å hjelpe, fortel han.

Historia endrar seg. Verda går framover, men breen går tilbake. Per Briksdal ottast likevel ikkje at den blir borte. Det som ligg fast er fossen i fjellet rett ovanfor fjellstova.

– Den imponerer mange, og så får det våge seg om nokon trur at vi stengjer den om kvelden, smiler Briksdal.

Per Briksdal er godt nøgd med utviklinga for Briksdalsbre Fjellstove. Foto: Inge Fænn
Fossen i Briksdalen er eit populært motiv for fotografane. Foto: Inge Fænn
Sjølv på vanlege dagar er det trongt om plassane når folk vil ha skyss til toppen. Foto: Inge Fænn