I vår kunne Fjordingen fortelje om gründerveksemda Retyre, der stryningen Alexander Gjendem Gjørven spelar ei sentral rolle. Bedrifta som har utvikla ein heilt ny type dekk, der ein ved hjelp av eit glidelåssystem kan gjere lynraske skift til piggdekk eller terrengdekk, opplever svært spennande dagar.

Emisjonsrunden dei starta på i vår resulterte i 2,5 millionar frå private investorar og såkornfond. Vidare har Innovasjon Norge ytt 1,5 millionar i innovasjonslån, og på toppen av dette har EU krona satsinga med 7,1 millionar i tilskot.

– Ja, det var jubel på kontoret og champagnen vart spretta, for å seie det sånn, ler Gjørven på telefon frå kontoret i Oppegård. Han fortel at det gjorde godt å få det økonomiske på plass, etter mange månader med det han karakteriserer som doble skift for han og Paul Magne Amundsen og Sigmund Andenes. Det var dei to sistnemnde som opphavleg hadde idéen til Retyre. Gjørven vart tidleg kopla på som driftssjef.

Retyre: Retyre er eit glidelåsbasert dekksystem som gjer det muleg å skifte til pigg- eller terrengdekk i løpet av kort tid. Fleire sportskjeder sel produktet som kom på marknaden i fjor haust.

Utanlandssatsing

Retyre vart ein umiddelbar suksess etter lanseringa i oktober i fjor, og med unntak av Gresvig og XXL er produkta til sals i sportskjedene i Norge. Med styrka økonomi er dei no i gang med å tilsetje fleire. Meir folk inn betyr avlasting for Gjørven, Amundsen og Andenes, som kan konsentrere seg om den vidare utviklinga av bedrifta. Å vekse internasjonalt er eit viktig fokus framover.

– Eg jobbar mot distributørar i utlandet. Land som Frankrike, Spania, Ukraina og England. Der er også ein i Tyskland som vil selje på kommisjon for oss, fortel Gjørven. At ein no har fokus på distributørar og ikkje einskildbutikkar er eit klart strategisk endringsgrep som er gjort sidan i fjor.

Som ledd i internasjonaliseringsarbeidet kan stryningen også sjå fram mot eit spennande kurs i New York denne hausten. Eit kurs i regi av Innovasjon Norge som går på internasjonalisering, marknadsføring og sal.

– Det gler eg meg veldig til, seier Gjørven, som kan konstatere at sykkelhjulet for alvor har byrja å rulle for gründerverksemda.

– Det er godt å kunne puste litt rolegare. Vi treng i alle fall ikkje bekymre oss for om vi går «konk» neste månad.