Har du ikkje lagt planar for helga kan Byrkjelo vere staden. NM i friidrett starta fredag ettermiddag og held på til søndag.

Allereie første dag er det fleire godbitar å få med seg, når nybakt europameister Karsten Warholm og sølvvinnar Henrik Ingebrigtsen er i sving, på henhaldsvis 400 meter hekk og 5.000 m. På sistnemnde distanse stiller ein annan EM-deltakar på startstreken, nemleg førdianaren Marius Vedvik. Han spring også 10.000 meter søndag.Fredag ettermiddag konkurrerer også det lokale gullhåpet i slegge, Trude Raad (GFIL).

Laurdag blir det meir Ingebrigtsen på 1.500 meter, og der stiller også yngstemann og europameister Jakob. Warholm skal igjen springe 400 meter, men denne gongen utan hekkar. Også to lokale medaljehåp frå Gloppen er i sving. Thomas Mardal og Evald Osnes Devik tilhøyrer begge landstoppen i sleggekast.

Laurdag kan det vere verdt å merke seg 3.000 m hinder, der Norge sin fjerde medaljevinnar frå EM, Karoline Bjerkeli Grøvdal deltek.