Nasjonalparkstyret hadde sommaren 2017 utplassert 21 sjølvregistreringskasser rundt nasjonalparken, og fekk inn om lag 20.000 skjema folk hadde fylt ut. Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) har analysert tala og skrive rapport om resultatet. Her kjem det fram at Jostedalsbreen er den parken som har høgst andel tilreisande (97 %), heile 89 nasjonalitetar var representert. Ein av 10 er med i eit organisert reisefølgje.

Tre av fire besøkande ved Jostedalsbreen nasjonalpark overnattar i eller nær nasjonalparken. – Området er såleis viktig for lokale og regionale overnattingsverksemder, seier Maria C. Knagenhjelm, nasjonalparkforvaltar og sekretær for nasjonalparkstyret, i ei pressemelding.

Ikkje overraskande vert det etterlyst fleire toalett. Betre vegskilting og nye løysingar for transport til Briksdalsbreen går også igjen blant kommentarane frå dei besøkjande i Jostedalsbreen nasjonalpark.