No byrjar det å bli ufyseleg med at turistar gjer frå seg utandørs, fortel Jorun Brattaker Loen til Fjordingen.

- Eg gjekk ein tur rundt Loen, og ved brua til Lofossen så er det ikkje berre ei «rue» som ligg der. Det er under 50 meter til næraste bustadhus. Det er rett og slett forkasteleg at folk kan finne på å gjere sånt rett ved sidan av veg og bustad, fortel Jorun Brattaker Loen som har sendt oss bilde med tydeleg dokumentasjon på problemet.