Det seier Skåla opp-veteran Kåre Haugen. Han deltok laurdag i si 17. utgåve av motbakkeløpet, som betyr at han har vore med samtlege år sidan oppstarten.

Haugen, som held seg til mosjonistklassen, kunne fortelje at dei byrja å merke vinden litt etter Sjingla.

- Litt etter brua, eit stykke opp i bakkane der, kom dei første vindkasta, seier han.

Haugen fortel at etter målgang ved Skålavatnet prøvde han å gå litt vidare oppover ura mot skaret, men måtte gi seg på det. Vinden heldt på å slå han over ende. Han fortel også om ein som vart nettopp det, og vart skada med kutt i hovudet.

- Så dette var heilt rett av arrangøren. Dei fleste eg snakka med var også einige i det, seier Haugen.

Løpsleiar Erik Brendefur fortel at avgjerda om å flytte til Skålavatnet først vart teken ca to timar før start. Då var allereie fleire mosjonistar godt i gang.

Erik Brendefur hadde smilet på plass sjølv om det var hektisk med omgjering av målgang og eit vått vêr.

- Vi fekk varsla alle drikkestasjonane oppover, slik at dei fekk gitt beskjed vidare til dei fleste som var på veg opp, seier Brendefur. Nokre var komne lenger enn Skålavatnet, men med unntak av han som fekk seg kutt i hovudet etter å ha blitt blesen over ende er det ikkje kjent at fleire vart skada som følgje av vinden.

- Tidlegare i dag hadde vi oppover to frå Røde Kors, og forbi skaret måtte dei berre legge seg ned mot bakken på grunn av vinden, fortel løpsleiaren, som meiner dette var den einaste rette avgjerda under rådande forhold.