Du hugsar han kanskje frå Norske Talenter, der han kom seg heilt til finalen med bruk av hukommelsen sin. Sommaren i kjølvatnet har han nytta til å pusse opp hytta si på Agjeld.

Oddbjørn By er fødd og oppvaksen i Førde, men nesten heile familien hans held til i Olden. Difor har den tidlegare verdsrekordinnehavaren, når det kjem til memorering av flest siffer på eitt minutt, brukt store delar av sommarferien sin i nettopp Olden.

Viste fram hukommelsen

I vår var det mange som fekk auga opp for By, då han briljerte med sin hukommelse på Norske Talenter. Anten det var gjennom å hugse tilfeldige siffer som blei lest opp eller å memorere bilde som blei synt i rask og tilfeldig rekkefølgje. Det sistnemnde gjorde han i ein nervepirrande semifinale.

– Særleg semifinalen var bra, då eg klarte å hugse dei siste bilda i siste sekund. Det gjorde det litt ekstra underhaldande. I ettertid har folk spurt meg om det var med vilje at eg hadde igjen to bilde til siste sekund, men det var det faktisk ikkje, fortel By når han snakkar om prestasjonen som sikra han ein plass i finalen.

Han fortel også om opplevinga han hadde gjennom deltakinga i Norske Talenter.

– Kort fortalt var Norske Talenter knallhardt arbeid og veldig mykje venting. Når vi skulle filme så møtte vi opp klokka ni på morgonen, og eg var ikkje på scena før ti på kvelden. Det var nesten som å møte opp hos tannlegen 12 timar før du skal bore.

Finalen

Finalen av Norske Talenter er også ei framsyning By kjem til å hugse i lang tid, av heilt andre grunnar. Då skulle han helse på 30 ulike personar, for så å plassere riktig person ved riktig namn. Ein kunne raskt sjå at ting ikkje gjekk som planlagt for By, som fekk store problem.

– Finalen var brutal. Familien hadde komt heile vegen frå Olden. Eg bad TV2 om å finne 20–30 personar med variert utsjånad, men så kom der berre folk i 25-årsalderen ut på scena, seier By.

– Den verste augneblinken var når det var igjen eitt minutt i finalen, og eg høyrde ei lita jente i salen som skreik: «Åneeii». Det var jo ingen som forventa at det skulle gå så ille. Men det morosame med finalen er at nesten ingen har spurt meg om den i ettertid. Der verkar nesten som om den aldri skjedde, held han fram.

Sjølv om finalen var ei framsyning By ønskjer å gløyme, så fekk han gode tilbakemeldingar frå dommarane.

– Eg veit kor dyktig du er, og du er eit funn for alle med dårleg husk. Sjølv om du feila no, så veit vi kor dyktig du er, sa dommar Mia Gundersen til ein skuffa By etter opptredenen i finalen.

Tilfeldigheiter

Sjølv om By ikkje vann Norske Talenter er det ingen tvil om at han har ein hukommelse som slår dei fleste. Og det var nesten litt tilfeldig at han enda opp med å få hukommelse som eit yrke.

– I 2004 fann eg teknikkar for å hugse siffer på nett. Eg og ein kompis byrja å bruke desse teknikkane og konkurrere. Eg kom i kontakt med ein britisk hukommelsesmeister, som overtala meg til å bli med på VM i hukommelse, der eg lærte utruleg mykje. Etter dette brukte eg tida til å tilrettelegge teknikkane til litt meir nyttige ting, som å studere, seier By.

Bok og foredrag

Etter dette skreiv han ei bok for å spreie ordet, og plutseleg heldt han foredrag om dette, slik at hukommelse blei jobben hans. Og for den som måtte ønskje gode tips frå By, så kjem han tilbake til Stryn i slutten av oktober for å halde eit lynkurs arrangert av Stryn Rotary.