Det har vore uvanleg mykje veps på seinsommaren i år, og di nærare ein kjem hausten, di meir nærgåande vert dei.

Det fekk Olav R. Faleide erfare sist helg. Loaren er ein mykje brukt kjømeister, og det var denne gjerninga han skulle utøve også sist laurdag. Då skulle sambygdingar ha fødselsdagsselskap i bygdehuset.

Stakk han i tunga

Alle medhjelparar var i hektisk arbeid, så også Olav. Han hadde fått ein ølboks i handa og hadde helt noko av innhaldet opp i eit glas, fordi han ikkje likar å drikke av boks. Då han vart kalla ut på kjøkenet for å hjelpe til med bæring, hadde han framleis boksen i handa med noko av innhaldet i. Han ville tøme boksen før han heiv han, sette boksen for munnen – og oppdaga for seint at det var ein ubeden gjest i boksen. Ein veps, som no stakk han i tunga.

– Eg kjenner med ein gong at dette kjem til å gå gale, fortel han. Han ropte til kjøkenansvarleg at dei måtte få tak i Kari, kona hans. Ho jobbar i heimesjukepleien.

Kjempa for å få puste

– Vasken ved sidan av er full av isbitar, så eg puttar munnen full utan at det hjelper noko vidare. Kari kjem, og eg ber henne dra brodden ut av tunga mi og ringe legevakta. Medan ho får kontakt, kjenner eg berre korleis tunga veks og eg får pustevanskar, fortel han.

I full fart fekk dei sjåføren frå cateringselskapet til å køyre i retning Stryn. Olav framme, Kari i baksetet. Ho hadde heile tida kontakt med AMK på telefon. Før bilen hadde passert Loen Skylift var Olav i ferd med å miste medvitet.

– Eg kjempa for å få puste medan Kari heldt hovudet mitt bakover, hugsar han.

Ikkje puls, ikkje pust

På Strand køyrde dei ut på den store utvidinga av vegen, etter at Kari hadde klarert at dei kunne stå her og vente på luftambulansen. Ein sjukepleiestudent som hadde vore i praksis med Kari stoppa på veg heim frå jobb og kom for å hjelpe. Ambulansen frå Stryn kom rett etter, og dei greidde no å få Olav ut av bilen og lagt ned på asfalten.

– Ikkje fann dei puls, ikkje kunne dei registrere pust, og fråden stod rundt munnen min. Det var heller ikkje råd å få blikkontakt, har Olav fått vite seinare.

– Etter ei rask vurdering av kva tiltak som skal settast i verk, klipper Kari av meg kleda og eg får ein dose adrenalin rett i armen. Dosen er førebudd i ambulansen etter meldinga «mogeleg hjartestans». Eg får også pustehjelp med maske.

Luftambulanse

Luftambulansen i Førde står klar med rotorane i gang og skal ut på ein planlagd transport, men blir i full fart send til Loen.

– På den tida dei brukar frå Førde til landing på Strand, har eg no fått to dosar til med adrenalin og meir oksygen, og livet vender så småningom tilbake til kroppen. Når dei meiner å ha fått stabilisert meg, blir eg så løfta inn i helikopteret, men før dei stenger døra skal eg ha ropt til Kari: «Jamen Kari – korleis skal det gå med festen no då?» Då forstod både Kari og dei andre at dette truleg kom til å gå bra! fortel Olav.

Han kom til seg sjølv på akuttmottaket på Sentralsjukehuset i Førde, der broren Magne, som bur i Førde, sat og venta på å få kontakt.

Olav R. Faleide vart verande eit døgn på intensiven, deretter vart han overført til medisinsk avdeling. Hans åtvaring etter den skremmande hendinga er følgjande: - Drikk aldri av ein boks, uasett kva som er i boksen, utan at du har dekka opningen med tommelen heile tida! Foto: Privat

Må ha med for all framtid

No venta eit døgn på intensivavdelinga, før han vart overført til medisinsk sengepost. Måndagen var legar og sjukepleiarar såpass tilfredse med tilstanden at han fekk reise heim.

– Men først måtte eg til sjukehusapoteket og ta eit kurs i bruk av adrenalininjeksjon, den såkalla EpiPennen. Denne må eg no alltid ha med meg for all framtid, ettersom eg har utvikla det som heiter hyper-anafylaksi, seier Olav, som også i fjor hadde ein kraftig, om enn ikkje så dramatisk, reaksjon på eit vepsestikk.

Djupt takknemleg

I ettertid er han djupt takknemleg overfor alle som deltok i den dramatiske hendinga.

– Takk for hjelpa til alle dykk som var med og redda livet mitt! seier Olav R. Faleide. – Takk til Rune Bøe og resten av teamet frå Helse Førde som gjorde dei rette vurderingane då det var mest kritisk, og takk til Kari som klarar å halde hovudet kaldt og tenkje klårt og systematisk når det står på som verst. Moralen i historia, som eg håpar andre lærer av, er sjølvsagt: Drikk aldri av ein boks, uansett kva som er i boksen, viss du ikkje har halde tommelen over opninga absolutt heile tida!