Stryn kulturskule er godt i gang med førebuingane til eit nytt kulturskuleår. Heile 131 elevar har fått plass, noko som er ein markant auke frå i vår.

Ifølgje nytilsett kulturskulerektor Linda Gytri er auken på 30 prosent frå i vår.

– Mykje av auken skuldast dansetilbodet som vi har fått på plass, men også det at vi har fått nye lokale har mykje å bety, fortel Gytri. Kulturskulen held til i andre høgda i kulturhuset, eit lokale som sist vart brukt til vaksenopplæring.

Gytri og dei andre tilsette legg no siste hand på verket når det gjeld opplegget komande kulturskuleår, og undervisninga vil ta til i slutten av denne månaden.

Jubileumsår

Kulturskulen i Stryn feirar i år 30 år, noko som sjølvsagt skal markerast.

– 9. november skal vi ha jubileumskonsert her i kulturhuset, men vi planlegg også ein open dag i slutten av september, seier Gytri, som håpar kulturskulen kan vere endå meir synleg enn det den har vore tidlegare.

Solid kompetanse

Dei sju lærarane ved kultur-skulen femner om eit vidt spekter innan kultur.

– Her er mange dyktige lærarar som har solid kompetanse, seier Gytri. Sjølv er ho tilsett med 50 prosent undervisning og 50 prosent administrasjon.

– Etter to veker i jobben så må eg seie at eg trivst veldig godt, sjølv om det har vore mykje å setje seg inn i, smiler Gytri.

Eit mål for lærarane det komande kulturskuleåret er å setje meir fokus på band og samspel på tvers av gruppene, i tillegg til den individuelle oppfølginga.

– Det er også oppretta eit desentralisert tilbod innan fele, piano og gitar. Undervisningsstadane her blir Utvik og Olden, opplyser Linda Gytri.

Tilboda

Stryn kulturskule underviser i

følgjande komande år:

Dans: Annette Lunde

Visuell kunstgruppe: Knut Einar Lillebø Voll

Fele: Mette Carlsen

Trommer: Ivar Tynes

Fele, tverrfløyte: Bjarte Sætre

Gitar og band: Erik Vinje

Trekkspel og piano: Linda Gytri