Politi og ambulanse rykte ut til ein kollisjon på rv 15 Strynefjellsvegen måndag ettermiddag. Politioverbetjent Lasse Trosdahl opplyser at ein bubil og ein personbil hadde kome for nær kvarandre inne i Oppljostunnelen. Bilane hadde køyrd ut kvar sin veg og stod deretter på kvar side av tunnelen og venta på kvaradre. Meldinga om at ein av dei involverte hadde stukke av, vart dermed avkrefta.

- Ein av personane hadd evondt i ein fot, elles ingen personskader, seier Trosdahl.